Vil du vere fagarbeidar i ein heilt ny barnehage i Skjåk?
Vi søkjer fagarbeidarar som vil vere med frå starten og skape ein inkluderande barnehage i godt samarbeid med barn, familiar og kollegaer -- og setje spor i både praksis og kultur.
**Det var ein gong -- og snart på ordentleg -- ein ny barnehage i Skjåk**
I oktober 2026 opnar Skjåk den heilt nye Skjåkspira barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft.
Skjåkspira barnehage veks fram mellom fjell og skog -- forma for små føter, store tankar og trygge fellesskap. Her blir natur, leik og gode relasjonar vovne saman i ein kvardag prega av tryggleik, undring og livsglede.
Er det du som skal bli ein viktig fagarbeidar i barna sine forteljingar -- midt i Skjåk, der barna står i sentrum, og framtida får vekse i trygge hender.
**Skjåk kommune har behov for fagarbeidarar i stillingar på 100 % ved Skjåkspira barnehage, både i faste stillingar og vikariat. Det er særleg bruk for fagarbeidarar med spesialpedagogisk kompetanse.**
***Som fagarbeidar i Skjåk skal du mellom anna***
- gje barna omsorg, tryggleik og støtte i kvardagen
- fylgje opp barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp, i tett samarbeid med pedagogisk leiar
- bidra i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogiske aktivitetar
- leggje til rette for leik, fysisk aktivitet og kreativ utfalding
- støtte barn si språkutvikling og sosiale kompetanse
- bidra til eit inkluderande fellesskap der alle barn opplever meistring og tilhøyrsle
- ha open og god dialog med føresette
***Vi ser etter deg som***
- har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar - anna relevant erfaring eller utdanning, også høgskuleutdanning kan vere aktuelt
- har utdanning eller erfaring innanfor arbeid med spesialpedagogikk
- har erfaring frå arbeid med barn med særskilde eller samansette behov
- er trygg i å sjå kvart enkelt barn, deltek aktivt i kvardagen, og som er fleksibel og tilpassingsdyktig
- er engasjert i barnehageyrket og har interesse for fagleg utvikling
- trivst ute og deltek aktivt i leik og aktivitet i all slags vêr
- arbeider målretta både sjølvstendig og i team, samt har gode evner til samarbeid og kommunikasjon innanfor faget
- har gode norskkunnskapar
- har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT
Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.
**Har du spørsmål?**
**Ta Kontakt Med**
- Styrar, Heidi Jevnheim, telefon 90 19 39 57 .
- Dagleg leiar, Karin Fjerdingren, telefon 98 06 47 14
**Søknadsfrist: 30.08.2026**
**Elektronisk søknadsskjema**
finn du på
**www.skjaak.kommune.no**
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
**Kvifor velje Skjåk?**
Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, arbeid for eventuell partnar og informasjon om tilbod for barn og fritid. Du kan òg få moglegheit til å prøvebu i bygda.
**Kontakt**
Heidrun Israelsen -- prosjektleiar .- Telefon 994 27 902
**Sletting av studielån**
Buset du deg i Skjåk og er i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Les meir om det på vedalgt lenke om
**sletting av gjeld i utvalgte kommunar**
.