Bømlo kommune

Fast stilling som miljøterapeut

Administration

Svortland, Norway

Publisert: 25/02/2026

Heltid

Utløper den 26/04/2026

Stillingsbeskrivelse

## **(i ny fane)**



## **Om stillinga**

**Er du verne/sjukepleiar på jakt etter ein meiningsfull jobb?**

Er du ein trygg person med gode evner til å skapa tryggleik og trivsel i bebuarane sin heim? Som brenn for å legga til rette for meistring og sjølbestemmelse i kvardagen? Har du i tillegg erfaring frå somatikk, aldring, demens og pleie? Då vil me gjerna ha deg med på laget!

Varhaug har ledig 90 % stilling som vernepleiar/sjukepleiar i ordinær turnus med lange vakter 3. kvar helg. Stillinga kan med tida aukast ved forventa avgang til pensjon.
Hos oss vil du møta eit inkluderande arbeidsmiljø med gode, utviklingsorienterte kollegaer som brenn for å gjera Varhaug til ein god plass å både bu og jobba på.


Habiliteringstenesta gir tilbod til personar med utviklingshemming og omfattande behov. Me har for tida ca 128 årsverk som yt heildøgns tenester i 10 burettslag og dagtilbod. Hos oss blir du ein del av eit engasjert team som jobbar for å skape gode liv og tenester gjennom tryggleik, omsorg og fagleg kvalitet.

## **Nøkkelinformasjon**

Del på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

## **Arbeidsoppgåver**

- Ansvar for kartlegging, tiltaksplanar, vedtak, journalføring og dokumentasjon.
- Medikamenthandtering.
- Oppfølging og rettleiing etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og Pasient- og brukerrettighetslova kap. 4.
- Samarbeid med avdelingsleiar om dagleg drift, utvikling av tenesta og utføring av delegerte arbeidsoppgåver.
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt, inkludert pårørande og verje.
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunna påreknast.

## **Kvalifikasjonskrav**

- Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar.
- Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid, med fokus på pleie, demens og aldring, samt arbeid med menneske med ulike funksjonsvariasjonar.
- Du er i god fysisk form og kan handtere forflytting og bruk av hjelpemidler.
- Norskferdigheter på nivå B2 i samsvar med nasjonal norskprøve for universitet- og høgskuleutdanna.
- Førarkort klasse B.

Det er ønskeleg at du har:



- Kompetanse i digitale fag- og planleggingssystem som t.d. Profil og Visma Ressursstyring.
- Erfaring frå målretta miljøarbeid og habilitering .
- Kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, samt Pasient- og brukerrettighetslova kap. 4.

Det er krav om gyldig politiattest for teneste hjå personar med utviklingshemming jfr. Hol §5-4 a.

## **Personlege eigenskapar**

- Du er imøtekomande, omgjengeleg og serviceinnstilt.
- Du er sjølvstendig, men arbeider òg godt i team.
- Du er uredd og kan stå i krevjande situasjonar over tid.
- Du trivst med variert arbeid, er løysingsorientert i møte med uventa hendingar og oppståtte endringar.
- Du bidrar til å skapa eit godt arbeidsmiljø.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.

## **Me tilbyr**

- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.

**Andre opplysningar:**

- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. For denne stillinga oppmodar me spesielt menn til å søkja.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, **sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt.** Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar.



## **Adresse:** **Bømlo, Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Norge**

**Opne vegbeskriving** **(i ny fane)**

*Bømlo Kommune*
*Leirdalen 1*
*5430 Bremnes*
*Opne vegbeskriving*

## **Kontaktinformasjon**

**Line Skrede Habbestad**

Avdelingsleiar

Telefon: 948 10 927



## **Om arbeidsgivaren**

**Berekraftige Bømlo er vår visjon!**
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss **rause**, **modige** og **engasjerte** medarbeidarar.

**Pensjon**

I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

**Forsikring**

Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.



## **Adresse:** **Bømlo, Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Norge**

**Opne vegbeskriving** **(i ny fane)**

*Bømlo Kommune*
*Leirdalen 1*
*5430 Bremnes*
*Opne vegbeskriving*

## **Kontaktinformasjon**

**Line Skrede Habbestad**

Avdelingsleiar

Telefon: 948 10 927

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

25/02/2026

Sted

Svortland, Norway

Utløpsdato

26/04/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

Bremnes

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

27/03/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

23

Publiserende selskap

Bømlo kommune

Bømlo kommune

Se selskapets profil

category

Administration

Sted

Svortland, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.