Denne stillingen har utløpt

Denne stillingen tar ikke lenger imot søknader. Se andre ledige stillinger nedenfor.

Se ledige stillinger
Kulturkontoret AS

Festivalsjef Tysnesfest

/job/festivalsjef-tysnesfest-69a92a8848955

Administration

Tysnes, Norway

Publisert: 05/03/2026

Heltid

Utløpt

Utløpt 04/05/2026

Stillingsbeskrivelse

Tysnesfest er ein av Vestlandets mest særeigne og etablerte festivalar — tre dagar med musikk, kultur og fellesskap i spektakulære omgivnader på Tysnes. Med store arenakonsertar, kyrkjekonsert, konsert på Tysnessåto, gjestehamn, camping, marknadsdagar og Tysnesfest UNG samlar festivalen opp mot 5 000 publikummarar dagleg og er ein viktig kulturinstitusjon i regionen.


Tysnesfest har vore leia av same festivalsjef i nær ti år. No vert det gjennomført eit planlagt leiarskifte, og me søkjer ein festivalsjef som vil ta det operative og strategiske hovudansvaret for festivalen vidare.


Dagens leiing vil framleis vere involvert gjennom Kulturkontoret AS og bidra til kontinuitet og vidare utvikling.


Om rolla


Som festivalsjef har du det overordna ansvaret for Tysnesfest si utvikling og gjennomføring. Du set saman med styret den kunstnariske retninga, leiar programmeringa og har ansvar for økonomisk resultat, kommersiell utvikling og organisasjon.


Du rapporterer til styret i Stiftinga Tysnesfest og inngår i eit aktivt og kompetent fagmiljø rundt festivalen.


Hovudansvar:


· Heilskapleg leiing av Tysnesfest — kunstnarleg, strategisk og økonomisk

· Resultat- og budsjettansvar

· Kunstnarleg profil og programmering

· Sponsorsal og utvikling av partnarskap

· Relasjonsbygging mot artistar, bransje, næringsliv og offentlege støttespelarar

· Leiing av produksjonsteam og samarbeid med arenaansvarlege

· Representere festivalen eksternt

Festivalen vert utvikla i tett samarbeid med Kulturkontoret AS, der både dagleg leiar og sentrale nøkkelpersonar er aktivt involverte i vidare strategisk arbeid. Endeleg fordeling av oppgåver — til dømes innan booking eller andre funksjonar — vert avklart i dialog med rett kandidat.


Rolleutforming og organisering


Stillinga er ei fast 100 % tilsetjing i Kulturkontoret AS, der Tysnesfest vil bli ditt kjerneoppdrag.


Kulturkontoret AS er eigd av Stiftinga Tysnesfest og Tysnes Kraftlag og utviklar og driv profesjonelle kultur- og utviklingsprosjekt på Tysnes og i regionen. Selskapet har i dag leiande roller i fleire etablerte arrangement og initiativ, mellom anna Festidalen, Utkant, First Lego League Sunnhordland, Rein Hardangerfjord og prosjekt i Framtidshavet.


For rett kandidat kan rolla kombinerast med ansvar innan kommunikasjon, reiseliv eller andre strategiske prosjekt i regionen. Samla ansvarsområde vert fastsett ut frå kompetanse, erfaring og rolleomfang.


Kven me ser etter


Me søkjer ein trygg og ambisiøs leiar med gjennomføringskraft og strategisk blikk. Du må trivast i skjeringspunktet mellom kunst, kommers og organisasjon — og vere komfortabel med både langsiktig utvikling og operative avgjerder.


Me ønskjer at du har:


· Erfaring frå festival, kulturverksemd eller større prosjektleiing

· Lokal forankring

· Dokumentert evne til strategisk utvikling

· Erfaring med budsjett- og resultatansvar

· Forretningsforståing og evne til å utvikle inntektsgrunnlag

· Sterke relasjons- og kommunikasjonsevner

· Erfaring med å leie og motivere team

Det er ein fordel om du har nettverk i musikkbransjen og erfaring med booking og sponsorarbeid.


Me tilbyr


· Ei sentral leiarrolle i ein etablert og respektert festival

· Eit aktivt og profesjonelt kulturmiljø i regionen

· Moglegheit til å forme både rolle og kunstnarisk retning

· Fast 100 % stilling

· Løn og ansvarsomfang vert fastsett ut frå kompetanse og samla rolle

Praktisk informasjon


Arbeidsstad: Tysnes er utgangspunktet, men fleksibilitet kan vurderast for rette kandidaten.

Tilsetjing: Fast 100 % stilling i Kulturkontoret AS. Oppstart etter avtale.

Søknadsfrist: 20. mars 2026

Søknad med CV sendes til: oystein@kulturkontoret.as

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

05/03/2026

Sted

Tysnes, Norway

Utløpsdato

04/05/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Fjernarbeid

Hybrid

Arbeidssted

Tysnes, Vestland

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

04/04/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

43

Publiserende selskap

Kulturkontoret AS

Kulturkontoret AS

Se selskapets profil

category

Administration

Sted

Tysnes, Norway

Bedriftens beliggenhet

Denne stillingen har utløpt

Denne stillingen tar ikke lenger imot søknader. Se andre ledige stillinger nedenfor.

Lignende stillinger

Denne stillingen er ikke lenger tilgjengelig. Andre aktive stillinger:

Andre aktive stillinger

Regnskapsmedarbeider - Nordvik Gruppen ASNordvik Gruppen AS · BodØServitør. Ekstrahjelp, helger og ukedagerDeepOcean · TØnsbergSenior Full Stack Software DeveloperISS-Corporate · OsloSushi chefDeepOcean · OsloSpesialsykepleier i operasjonCentral Norway Regional Health Authority · ÅlesundKreativ Klubbmedarbeider – Bygg fellesskap i Gamvik kommuneDeepOcean · MehamnHelsefagarbeidar 70 % stillingDeepOcean · IsdalstØProsjektlederDeepOcean · Oppdalselgeren ved Narvesen Kroken, TromsøNarvesen · TromsØØkonomiansvarlig i rettighetshaverorganisasjon (årsvikariat)DeepOcean · OsloCosturero/a de tienda UNIQLO Gran ViaUNIQLO · GranSelgerDavid-Andersen AS · TrondheimProject Manager / Senior Project ManagerThales Norway · OsloEnvironmental AdvisorIKM Consultants AS · SandnesGrocery Shift Leadwolt · OsloBilskadereparatør/fagarbeider – Nordvik AS, NamsosNordvik Gruppen AS · SpillumÅpen søknad.Nordvik Gruppen AS · SortlandTJØME GOLFKLUBB SØKER EN DYKTIG OG ENGASJERT GREENKEEPERTJØME GOLFKLUBB · TØnsbergSeksjonssjef for responsseksjonen i operativ cybersikkerhetNasjonal sikkerhetsmyndighet · FornebuBuilding Management Systems EngineerMACHS Engineering · NarvikIAM-konsulentAccelerate Norge · OsloBli med og løft KSBs ventilsatsing i Norge!DeepOcean · DrØbakOSO Hotwater AS søker Business ControllerDeepOcean · HokksundSales Advisor - AMFI Narvik (5-10 t/u)Rituals Cosmetics Norway (B Corp™) · NarvikHelsefagarbeidar 100% x 2 i Kvernhusmyrane BufellesskapDeepOcean · IsdalstØMiljøterapeuter i medleverturnusDeepOcean · SarpsborgBrukerstyrt personlig assistent - 42% stillingRingsaker kommune · InnlandetLedig stilling som Lokalitetansvarlig i Eidesvik LaksDeepOcean · OsloSpesialist i oral protetikk ved Haukeland sjukehustannklinikkDeepOcean · BergenVi søker stadig flere fysioterapeuter til SATS i hele landetSATS · Oslo

Se alle ledige stillinger