Helse Førde

Fysioterapeut / spesialfysioterapeut

Administration

FØrde, Norway

Publisert: 20/07/2026

Heltid

Utløper den 20/07/2026

Stillingsbeskrivelse

**Barn og unge habilitering har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut/ spesialfysioterapeut.**
**Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus**
**Oppstart: 01.09.2026, eller etter avtale.**

**Om stillinga**
Vi søkjer ein engasjert fysioterapeut som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for barn og unge med medfødde eller erverva funksjonsnedsetjingar.
Som fysioterapeut hos oss får du ein variert arbeidskvardag med utgreiing, kartlegging, behandling og oppfølging av barn og unge frå 0–18 år. Du samarbeider tett med barn, familiar, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar, og blir ein del av eit sterkt tverrprofesjonelt fagmiljø.

Arbeidet omfattar både poliklinisk og ambulant verksemd, rettleiing av kommunale tenester og deltaking i tverrfaglege vurderingar og oppfølging.

Ingen dagar er heilt like – hos oss får du kombinere klinisk arbeid, fagutvikling og samarbeid på tvers av profesjonar.

**Om seksjonen**
Barn og unge habilitering er ei spesialisthelseteneste for barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. Vi arbeider familiesentrert og tverrprofesjonelt, med mål om å styrkje barnet si utvikling, deltaking og livskvalitet.

Hos oss blir du del av eit kompetent fagmiljø med fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog, lege, spesialpedagog, vernepleiar, sjukepleiar og barnevernspedagog. Vi legg stor vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og kontinuerleg fagutvikling.

Vi ønskjer å vere ein framtidsretta seksjon og tek aktivt i bruk nye arbeidsformer og digitale løysingar. Mellom anna er vi med i eit prosjekt som testar bruk av kunstig intelligens (KI) som støtte i journalskriving og dokumentasjon, slik at vi kan bruke meir tid saman med pasientar og familiar.

Vi ønskjer mangfald i arbeidsmiljøet vårt og oppfordrar menn til å søkje stillinga.

## **Nøkkelinformasjon**

Søknadsfrist:

18.08.2026

Arbeidsgivar:

Helse Førde

Stad:

FØRDE

Stillingstittel:

Fysioterapeut

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5153965319

## **Arbeidsoppgåver**

- Undersøkje, kartleggje og vurdere motorisk funksjon hos barn og unge
- Planleggje og gjennomføre fysioterapeutiske tiltak med hovudvekt på rettleiing av foreldre, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar
- Delta i tverrfagleg utgreiing og oppfølging
- Bidra i ambulant verksemd og samarbeidsmøte i kommunane
- Dokumentere og journalføre i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav
- Delta i utviklingsarbeid, kvalitetsforbetring og fagutvikling i seksjonen
- Delta i regionale nettverk
- Bidra til kurs, undervisning og rettleiing internt og eksternt
- Videreføring og implementering av intensiv habilitering

## **Kvalifikasjonar**

- Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
- Interesse for habilitering og arbeid med barn og unge.
- Erfaring frå habilitering og/eller kommunehelsetenesta er ønskjeleg.
- Erfaring frå tverrprofesjonelt samarbeid er ønskjeleg.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Førarkort klasse B er ønskjeleg
- Kompetanse i bruk av standardiserte kartleggings- og vurderingsverktøy for barn og unge med funksjonsnedsetjingar er ønskjeleg, gjerne gjennom spesialistutdanning. Dersom du manglar denne kompetansen, legg vi til rette for opplæring og kurs etter tilsetjing. Vi forventar at du tek ansvar for å tileigne deg den kompetansen som er nødvendig for stillinga.

Nyutdanna med interesse for fagfeltet er velkomne til å søkje.

## **Personlege eigenskapar**

Vi ser etter deg som kjenner deg att i fleire av desse eigenskapane:

- Trivst med både sjølvstendig arbeid og tverrprofesjonelt samarbeid.
- Kommuniserer godt og byggjer gode relasjoner til barn, familiar og samarbeidspartnarar.
- Løysingsorientert, arbeider strukturert, tek ansvar og evnar å prioritere i ein variert arbeidskvardag.
- Fagleg engasjert, nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg.
- Reflektert, open for tilbakemeldingar og handterer komplekse problemstillingar på ein trygg og profesjonell måte.
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og deler kunnskap med kollegaer.

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

## **Vi tilbyr**

- Ei spennande og variert stilling med stor fagleg breidde
- Eit sterkt tverrproffesjonelt fagmiljø med høg kompetanse
- Gode moglegheiter for kontinuerleg læring, fagutvikling og kompetanseheving.
- Moglegheit til å ta i bruk kunstig intelligens (KI) som støtte i journalskriving og dokumentasjon
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Mentor-/fadderordning for nytilsette
- Moglegheit for ein time trening i arbeidstida saman med kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande avtalar
- Er du ny i regionen? Vi kan hjelpe deg med å finne bustad og gjere overgangen til Førde så enkel som mogleg.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.



## **Adresse:** **Svanehaugvegen 2, 6812 FØRDE, Norge**

## **Kontaktinformasjon**

**Martha Thorsheim**

Seksjonsleiar

Telefon: (+47) 920 25 954

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

20/07/2026

Sted

FØrde, Norway

Utløpsdato

20/07/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

Førde

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

19/08/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

18

Publiserende selskap

category

Administration

Sted

FØrde, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.