**Me søkjer grafisk designer som vil skape vekst og gode kundeopplevingar.**
Inst i Sognefjorden finn du Printfarm - eit moderne trykkeri med sju tilsette. I over 30 år har me levert trykksaker til små og store bedrifter, og er i dag det største trykkeriet i gamlefylket Sogn og Fjordane.
Me har hovudkontor og produksjon i Årdal, salskontor i Bergen, og er eit av få trykkeri i Noreg som satsar aktivt på netthandel. Hjå oss får kunden alt dei treng på ein plass - frå visittkort og magasin til rollup, klede og profileringsartiklar.
Printfarm er ei kreativ og spennande verksemd i vekst, med kundar over heile landet. Me er Miljøfyrtårn-sertifisert, har stort fokus på kvalitet og utvikling.
No ser me etter ein ny kollega som vil vera med å utvikla bedrifta vidare!
**Rolla**
Hjå Printfarm får du ein variert kvardag der du kombinerer design og kundekontakt.
Du jobbar med klargjering av trykkfiler, designoppdrag og ordrehandtering. Du får vera i kontakt med kundar, utvikla nye produkt/designmalar til printfarm.no og vera med nye spennande prosjekt.
**Arbeidsoppgåver:**
- Førtrykksarbeid og klargjering av filer
- Design av bøker, magasin og andre trykksaker
- Utvikling/design av malar og produkt til nettbutikken
- Kundemottak og rådgjeving
- Ordrehandtering og oppfølging
**Dette er viktig for oss:**
- Du har relevant utdanning innan grafisk design (eller tilsvarande erfaring)
- Du har god kompetanse i Adobe (InDesign, Illustrator, Photoshop)
- Du har gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg
- Du har evna til å jobba strukturert og halde oversikt i ein variert kvardag
- Du trives med kundekontakt og tek initiativ
**Personlege eigenskapar:**
- Du er kreativ og har auge for det visuelle
- Du er løysingsorientert og praktisk anlagt
- Du er sjølvstendig, men likar å jobba på lag med fleire
- Du er strukturert og påliteleg
**Me tilbyr:**
- Ein variert og kreativ kvardag i eit moderne trykkeri
- Eit lite, tett og godt arbeidsmiljø
- Moglegheit til å påverke og utvikle nye produkt
- Arbeid med kundar over heile landet
- AFP-ordning og tariffavtale