Denne stillingen har utløpt

Denne stillingen tar ikke lenger imot søknader. Se andre ledige stillinger nedenfor.

Se ledige stillinger
Helse Førde

Helsefagarbeidar kirurgisk sengepost

Administration

Oslo, Norway

Publisert: 11/05/2026

Heltid

Utløpt

Utløpt 29/06/2026

Stillingsbeskrivelse

Vi søkjer deg som vil vere med på å utvikle kirurgisk sengepost.


**Ledige stillingar**

- Fast 85% stilling, ledig frå snarast - oppstart etter nærare avtale
- 100% vikariat i seks månader, ledig frå snarast - oppstart etter nærare avtale

**Om seksjonen**
Kirurgisk sengepost gir deg ein unik moglegheit til å utvikle brei fagkompetanse og få innsikt i fleire spesialområde innan kirurgi. Hos oss vil du mellom anna arbeide med fagfelta gastro, urologi, øyre-nase-hals, auge, plastikk, thorax og mammae.


Sengeposten har i dag heildøgnsdrift og vil frå august 2026 bli ein kombinert heildøgns- og 5-døgns post. Arbeidsturnusen er tredelt med moglegheit for langvakter.


Du får jobbe med dyktige kollegaer og bli ein viktig del av eit tverrfagleg team som jobbar tett saman for å gi pasientane best mogleg pleie og behandling.


Arbeidsoppgåver



- Pleie og oppfølging av kirurgiske pasientar
- Observasjon og dokumentasjon
- Samarbeide med sjukepleiarar, legar og andre faggrupper
- Bidra til god pasientflyt og trygg utskriving
- Skape tryggleik og omsorg for pasientane og pårørande

Kvalifikasjonar



- Norsk autorisert helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Ønskjer kirurgisk erfaring/kompetanse innanfor fagfelta våre
- Medisinsk teknisk kunnskap og IT- kompetanse, fordel å ha kunnskap om programma DIPS Arena, IMATIS, Meona og Orbit

Personlege eigenskapar



- Tilpasningsdyktig
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonsevner
- Trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig

Kva kan vi tilby deg



- Ein variert og spennande arbeidskvardag med mange prosedyrar og utfordringar
- Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, fokus på kvalitet og fagleg utvikling
- Inspirerte og dyktige kollegaer som er gode på samarbeid og trivst i lag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

11/05/2026

Sted

Oslo, Norway

Utløpsdato

29/06/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

Sunnfjord, Vestland

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

10/06/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

16

Publiserende selskap

category

Administration

Sted

Oslo, Norway

Bedriftens beliggenhet

Denne stillingen har utløpt

Denne stillingen tar ikke lenger imot søknader. Se andre ledige stillinger nedenfor.

Lignende stillinger

Se alle ledige stillinger