Øygarden kommune Fjell sjukeheim
Blombakkane, 5353 Straume
## **Om jobben**
Lagre favoritt
Stillingstittel
Ekstrahjelp/ringevikarar som kjøkkenassistent
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk
Vis flere detaljer
Søk senest søndag 25. oktober
#### **Om avdelinga:**
Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume og er ein sjukeheim med høg fagleg kompetanse og godt arbeidsmiljø. Sjukeheimen har eige kjøken kor ein produserer fersk, nylaga mat til pasientar på Fjell sjukeheim, LMS og Straume bu og servicesenter.
Vi søkjer no etter ekstrahjelp/ringevikarar som kan jobbe som vikar på vårt kjøken.
#### **Arbeidsoppg****å****ver:**
- Oppvask
- Grovkjøkken
- Reinhald på kjøkkenet
- Kantinearbeid
- Forefallande arbeid på kjøkken
#### **Kva ser vi etter?**
- Har erfaring frå kjøkken
- Er serviceinnstilt
- Må være strukturert og kunne jobbe sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Likar å jobbe i team og bidra til eit godt arbeidsmiljø
#### **Kvalifikasjonar:**
- Har fokus på hygiene og kjennskap til IK-mat/HACCP
- Har kunnskap om mattrygghet og næringsmiddelhygiene
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til kjøkken i institusjon, men ikkje et krav
#### **Vi tilbyr:**
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø
- Gratis parkering
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
#### **Kontakt:**
Hilde Landro: hilde.landro@øygarden.kommune.no tlf:55096974/47680312
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
## **Kontaktperson for stillingen**
Hilde Landro
+47 93603520 +47 55096974
hilde.landro@oygarden.kommune.no
## **Om bedriften**
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Sektor
Offentlig
## **Annonsedata**
Stillingsnummer
a702c59c-33bd-4ebd-9b1c-eb964bd25c09
Sist endret
6. oktober 2026
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3667975\_192563\_nn