DeepOcean

Kulturskulerektor - 50% fast stilling

/job/kulturskulerektor---50-fast-stilling-6ab967d71b5cf

Administration

Heggenes, Norway

Publisert: 27/09/2026

Heltid

Utløper den 27/09/2026

Stillingsbeskrivelse

Øystre Slidre kommune


Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes


Om jobben


Stillingstittel

Kulturskulerektor - 50% fast stilling

Type ansettelse

Fast, deltid 50%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1


Søk senest lørdag 10. januar


Vil du leie ein kulturskule som skapar kunst- og kulturglede for barn og unge i Øystre Slidre?


Øystre Slidre kommune søkjer ein engasjert og framoverretta rektor, som vil vere med å utvikle ein attraktiv og inkluderande kulturskule. Kulturskulen tilbyr undervisning og aktivitet i estetiske fag for barn, unge og vaksne. Vi utviklar kulturskulen i tråd med visjonen kulturskule for alle, med mål om å ha høg deltaking, og å vere ein kulturskule som vert opplevd som synleg og tilgjengeleg i heile kommunen.


Kulturskulen har om lag 110 elevar og 14 lærarar, og tilbyr opplæring og aktivitetar i musikk, dans, kunst, teater og teknisk kulturarbeid. Vår kommune har eit rikt og variert kulturliv, der kulturskulen skal ha eit tett samarbeid med skular, barnehagane og frivilligheita om å styrke og utvikle det lokale kulturtilbodet, og for å kunne gje gode kulturopplevingar til alle. Vi samarbeider og tett med dei andre kulturskulane i Valdres om felles fag og bruk av felles lærarar.


Som rektor har du ansvar for den daglege drifta og utviklinga av kulturskulen. Du har eit blikk for kvalitet i undervisninga og aktivitetane, ser samanhengar og moglegheiter, og er oppteken av møta mellom lærar og elev. Du leiar profesjonelle pedagogar og kunstnarar i det daglege, og inngår i samhandlingsteamet til kultureininga - for kulturskulen - saman med tilsette ved biblioteket, frivilligsentralen, ungdomsklubben og kultursjefen.


Stillinga kan kombinerast med undervisning i kulturskulen eller andre stillingar i kommunen, ut frå kvalifikasjonar og behov.


Stillinga er ledig frå 1. januar 2026, då noverande kulturskulerektor blir ny kultursjef. Vi ynskjer at ny kulturskulerektor kan starte i stillinga så snart som mogleg etter tilsetting.


Arbeidsoppgåver

Kulturfagleg, pedagogisk og administrativ leiing av kulturskulen, herunder økonomi- og personalansvar

Utvikling av kulturskulen sine tilbod og aktivitetar


Informasjons- og kommunikasjonsarbeid som er relevant for kulturskulen


Samhandling med andre kommunale og offentlege aktørar, frivillige organisasjonar, institusjonar og profesjonelle aktørar.


Andre oppgåver som bidreg til å løyse kommunen sine mål og ambisjonar innan kulturverksemda vil også kunne leggast til stillinga.


Kvalifikasjonar

Minimum 3-årig relevant høgare utdanning, helst innan kunst-/kulturfag


Pedagogisk utdanning


Gode leiareigenskapar og gjerne relevant leiarutdanning/erfaring


Erfaring frå kulturskule eller anna relevant verksemd


Søkjar må ha gode norskkunnskapar, førarkort og disponere bil


Gyldig politiattest er eit krav

Personlege eigenskapar


Tydeleg og inkluderande leiarstil – evnar å motivere og inspirere tilsette og elevar.

God kommunikasjonsevne – både skriftleg og munnleg, med evne til å bygge gode relasjonar.

Strategisk og utviklingsorientert – ser moglegheiter for vekst og kvalitet i kulturskulen.

Resultatorientert og strukturert – kan planlegge, prioritere og følge opp mål.

Kreativ og løysningsorientert – evne til å tenkje nytt og finne gode løysingar.

Samarbeidsvillig og relasjonssterk – byggjer nettverk og samarbeidar godt med ulike aktørar.

Evne til å handtere endring – trygg i omstillingsprosessar og fleksibel i møte med nye utfordringar.

Engasjert og kulturinteressert – genuin interesse for kunst og kultur som samfunnsressurs.

Vi tilbyr

Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar

Stor grad av tillit, ansvar og høve for fagleg utvikling

Høve for fleksibilitet


Opplæring og rettleiing ved behov


Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Øystein Skattebu, kultursjef, 41222840, oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no


Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES


**Nøkkelinformasjon:**
**Arbeidsgivar:** Øystre Slidre kommune


**Referansenr.:** 5047641493

**Stillingsprosent:** 50%

Fast

**Søknadsfrist:** 11.01.2026


Kontaktperson for stillingen


Øystein Skattebu


kultursjef


41222840


oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no


Om bedriften


Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.


Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!


Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.


Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.


Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.


Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.


Sektor


Offentlig


Nettsted


http://www.oystre-slidre.kommune.no/


Annonsedata


Stillingsnummer


dbae3b5e-1a43-4aa1-9c0e-4cac479b27a2


Sist endret


12. desember 2025


Hentet fra


talentech


Referanse


a72092b069184402b278ca0923ad01c7


Lignende annonser

Pedagogiske leiarar i barnehage - 2 x 100 % vikariat


Pedagogiske leiarar i barnehage


Arbeidsgiver


Vang Kommune


Sted


Vang i Valdres


Yrkesfagkoordinator og karriereveileder


Arbeidsgiver


Innlandet fylkeskommune Valdres vidaregåande skule


Sted


Leira i Valdres


60 % vikariat på Tildelingskontoret


Arbeidsgiver


Øystre Slidre kommune


Sted


Heggenes

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

27/09/2026

Sted

Heggenes, Norway

Utløpsdato

27/09/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

2940 Heggenes

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

27/10/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

3

Publiserende selskap

category

Administration

Sted

Heggenes, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.

Lignende stillinger

Se alle ledige stillinger