**Landmålar GIS, geodata og matrikkel**
Hå kommune har ledig ei fast 100 % stilling som landmålar og søker ein engasjert og dyktig medarbeidar. Området er organisert under avdeling for plan og arealbruk, og har per nå to tilsette.
**Arbeidsoppgåver**
**Primæroppgåver**
- Matrikkelarbeid - saksbehandling av saker etter matrikkellova, landmåling, oppmålingsforretning, adressering
- Rådgjeving av publikum, kollegaer og folkevalde innanfor fagområdet
**Andre Moglege Oppgåver**
- Geodata/GIS- arbeid - pådrivar for utvikling av fagområde (kommunen bruker per i dag ISY GIS/ISY- Map)
- Kontaktperson i GIS, Geovekst og geodatanettverk
- Temakart
- Andre arbeidsoppgåver må kunne påreknast.
**Kvalifikasjonar**
- Autorisert eigedomslandmålar eller utdanning innan landmåling med moglegheit for å bli autorisert. (eks. Landmåling og eiendomsdesign fra HVL eller godkjent fagkombinasjon frå NMBU)
- Ønskeleg med minimum 3- 5 års relevant arbeidserfaring, men nyutdanna vil også bli vurdert.
- Gode digitale ferdigheiter innan GIS- og kartløysingar, GPS og landmåling
- Kompetanse innanfor relevant lovgjeving og god juridisk forståing
- Søker må ha god matrikkelførarkompetanse, eventuelt kunne tileigne seg kompetansen ved matrikkelførarkurs/praksis.
- Har god kunnskap om offentleg forvaltning
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Søkarar må ha førarkort klasse B (manuelt gir).
**Personlege eigenskapar**
- Er positivt innstilt med god gjennomføringsevne og framdrift
- Har godt overblikk, er systematisk og strukturert
- Evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar for eigne vurderingar og avgjerder
- Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe i team
- Er engasjert, fleksibel, endringsvillig og løysningsorientert
- Har motivasjon og evne til å tileigne seg ny kunnskap.
- Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.
**Vi tilbyr**
- Ein spennande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Utfordrande arbeidsoppgåver innan fagfeltet
- Fleksibel arbeidstid
**Attestar og vitnemål**
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål,
**i PDF-format**
, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
**Tilsetjingsvilkår**
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.