Helse Møre og Romsdal

Lege i spesialisering indremedisin

/job/lege-i-spesialisering-indremedisin-6ad0a45a712ad

Administration

Ålesund, Norway

Publisert: 15/10/2026

Heltid

Utløper den 15/10/2026

Stillingsbeskrivelse

## **Om stillinga**

Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig både fast stilling og eit 6-månaders vikariat for lege i spesialisering innan indremedisin og andre medisinske spesialiteter. Tilsetjing er ønskjeleg frå snarast, og seinast frå mars 2027 for vikariat.

Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledige.

Medisinsk avdeling er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus. Den inneheld tre sengepostar, poliklinikkar, dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egen slageining. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS3 til stades heile døgnet og seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt. Seksjonen er kjent for eit godt og trygt arbeidsmiljø med samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Høg kvalitet på LIS-utdanning blir prioritert. Vi har fadderordning for nye LIS og har følgevakt i starten. Tryggleik og meistring er viktig for oss.

**Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!**

## **Nøkkelinformasjon**

Søknadsfrist:

30.10.2026

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Ålesund

Stillingstittel:

Lege i spesialisering indremedisin

Stillingar:

2

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikariat, Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5194046261

Startdato:

16.11.2026

## **Arbeidsoppgåver**

- Klinisk arbeid ved poliklinikk og sengepost
- Deltaking i avdelinga si vaktordning (akuttmottak)
- Supervisjon/rettleiing av LIS1
- Internundervisning
- Utviklings- og forbetringsarbeid

## **Kvalifikasjonar**

- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må då vere oppfylt før tiltredning.
- Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
- Evne til fleksibilitet
- Gode språkkunnskapar i norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg

## **Personlege eigenskapar**

- Du har evne til å samarbeide
- Du bidreg til innovasjon
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

## **Vi tilbyr**

- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

*Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.* ***Les meir her!***



## **Adresse:** **Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge**

**Opne vegbeskriving** **(i ny fane)**

## **Kontaktinformasjon**

**Jørn-Åge Longva**

Avdelingssjef (lege)

Telefon: +47 93423140

E-post: Jorn-Age.Longva@helse-mr.no



## **Om arbeidsgivaren**

*Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.*



*Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå* *Helse Møre og Romsdal*

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

15/10/2026

Sted

Ålesund, Norway

Utløpsdato

15/10/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

Ålesund

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

14/11/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

12

Publiserende selskap

Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal

Se selskapets profil

category

Administration

Sted

Ålesund, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.

Lignende stillinger

Se alle ledige stillinger