Helse Møre og Romsdal

Sekretær

/job/sekret-r-6acb5e4e9878c

Administration

Volda, Norway

Publisert: 11/10/2026

Heltid

Utløper den 11/10/2026

Stillingsbeskrivelse

## **Om stillinga**

Servicetorget er ein viktig funksjon i sjukehuset si verksemd og fungerer som eit sentralt kontaktpunkt for pasientar, besøkande og tilsette. Vi søkjer ein dyktig, nøyaktig og serviceinnstilt medarbeidar som ønskjer å vere med på å vidareutvikle fagområdet ved seksjon for internservice.

Stillinga inneber tett samarbeid med kollegaer i seksjonen og med tilsette på tvers av sjukehuset. Du vil få ein variert arbeidskvardag med oppgåver innan sentralbordtenester, kortproduksjon, pasientinformasjon og samhandling med avdelingane i sjukehuset. Vi ser etter deg som er strukturert, løysingsorientert og trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i team.

## **Nøkkelinformasjon**

Søknadsfrist:

01.10.2026

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Volda

Stillingstittel:

Sekretær

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5174037560

## **Arbeidsoppgåver**

- Arbeid i Servicetorg i Helse Møre og Romsdal
- Sentralbord
- Kortproduksjon - IDkort og adgangskort
- Informasjon til pasienter, pårørende og ansatte
- Daglege driftsoppgåver
- Videreutvikling og kvalitetssikring av servicetorget
- Delta i digitaliserings- og forbetringsprosessar
- Det kan bli endring i arbeidsoppgåver ved eventuelle strukturendring i drifta

## **Kvalifikasjonar**

- God IKT kunnskap og kompetanse
- Erfaring frå servicefunksjoner innan spesialisthelsetenesta er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg
- Erfaring med teamarbeid er en fordel

## **Personlege eigenskapar**

- Du har gode framstillings- og kommunikasjonsevner
- Du er sjølvstendig, nøyaktig, strukturert og kvalitetsbevisst
- Du er utvikling- og løysningsorientert
- Du har gode samarbeidsevner, viser fleksibilitet og endringsvilje
- Du medverkar til fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

## **Vi tilbyr**

- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

*Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset.* *Les meir om Volda her**.*



## **Adresse:** **Volda sjukehus, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Norge**

**Opne vegbeskriving** **(i ny fane)**

## **Kontaktinformasjon**

**Eva Britt Lervåg**

Seksjonsleiar

Telefon: +47 41689191

E-post: Eva.Britt.Lervag@helse-mr.no



## **Om arbeidsgivaren**

*Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.*



*Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå* *Helse Møre og Romsdal*

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

11/10/2026

Sted

Volda, Norway

Utløpsdato

11/10/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

Volda

Adresse

Kløvertunvegen 1

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

10/11/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

20

Publiserende selskap

Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal

Se selskapets profil

category

Administration

Sted

Volda, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.

Lignende stillinger

Se alle ledige stillinger