DeepOcean

Sjukepleiar? Då vil du ikkje gå glipp av dette!

/job/sjukepleiar-d-vil-du-ikkje-g-glipp-av-dette-6ad30ef773ec9

Administration

Odda, Norway

Publisert: 17/10/2026

Heltid

Utløper den 17/10/2026

Stillingsbeskrivelse

Kirurgisk og medisinsk post, Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

## **Om jobben**

Lagre favoritt

Oppstart

22. februar 2027

Stillingstittel

Sjukepleiar med 12-timersskift!

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Antall stillinger

1

Vis flere detaljer

Søk senest fredag 6. november

**Fast jobb, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt!**

Likar du at dagane flyg av garde fordi du alltid har noko viktig å bidra med? Hos oss er ingen dagar heilt like. Nokre dagar er det fullt trøkk og høgt tempo, medan andre gir tid til gode faglege refleksjonar og ein prat med kjekke kollegaer. Vi tilbyr òg langvakter, og du får vere med og påverke din eigen turnus. Kanskje er dette arbeidsplassen for deg?

Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.

Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra.

**Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget!**




#### **Kva går jobben ut på?**

- Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar.
- Gje pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane.
- Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar.
- Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga.
- Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta.
- Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette.

#### **Kva kompetanse er viktig i denne rolla?**

- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

#### **Kva ser vi etter hos deg?**

Hos oss er det viktig at du:

- tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit også når du skal be om råd
- har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først
- er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer
- trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt

Vi legg vekt på personleg eignaheit.

#### **Kvifor skal du velje oss?**

Jo, fordi vi har:

- **Variert arbeidskvardag** – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.
- **Trygt arbeidsmiljø** – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
- **God opplæring** – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
- **Fagleg utvikling** – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.
- **Tilrettelagt turnus** – her får du tilbud om langvakter og vi har i tillegg ønsketurnus.

*Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.*

#### **Kontaktinformasjon**

Kristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier, 53651013, kristin.espe.jensson@helse-fonna.no

Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, 40518183, andreas.jacobsen@helse-fonna.no


#### **Arbeidsstad**

Sjukehusvegen 10

5750 ODDA


#### **Nøkkelinformasjon:**

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 5194513472

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 22.02.2027

Søknadsfrist: 06.11.2026

## **Kontaktpersoner for stillingen**

Andreas Jacobsen

Funksjonsleiar

40518183

andreas.jacobsen@helse-fonna.no

Kristin Espe Jensson

Fagutviklingssykepleier

53651013

kristin.espe.jensson@helse-fonna.no

## **Om bedriften**

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på facebook.com/helsefonna.

Odda er ein kulturby med naturskjøne omgivnader. Det er moglegheiter for mange ulike aktivitetar året rundt: Turar i fjellet, toppturar, Trolltunga og klatring i Via Ferrata, og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet er rikt og variert, som til dømes Litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og blueshelg.

Sektor

Offentlig

## **Annonsedata**

Stillingsnummer

64707f67-ea80-4023-a568-54be443fc538

Sist endret

16. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

89a33b13fa084aa6a42eda4037baa195

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

17/10/2026

Sted

Odda, Norway

Utløpsdato

17/10/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

5750 Odda

Adresse

Sjukehusvegen 10

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

16/11/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

28

Publiserende selskap

category

Administration

Sted

Odda, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.

Lignende stillinger

Se alle ledige stillinger