Stillingsbeskrivelse
**Oppstart 17.08.2026 eller etter nærare avtale.**
Er du klar for ein kvardag med høgt tempo, fagleg utvikling og eit sterkt fellesskap? Då kan dette vere stillinga for deg!
Kirurgisk/ØNH/auge sengepost ved Førde sentralsjukehus (FSS) har i dag heildøgnsdrift med 16 sengeplassar og skal frå august 2026 bli ein kombinert heildøgns- og
5-døgns Post. Vi Tek Imot Både Elektive Pasientar Og Pasientar Med Behov For Augeblikkeleg Hjelp Innan Eit Breitt Spekter Av Kirurgiske Fagfelt
- Augekirurgi👁
- Endokrinkirurgi🧠
- Gastrokirurgi 🍽
- Karkirurgi🫀
- Plastikkirurgi🧬
- Thoraxkirurgi🫁
- Urologi💧
- Øyre-nase-hals-kirurgi (ØNH)👂
**Vil du bli ein del av vårt team?**
Arbeidsturnusen er tredelt med moglegheit for langvakter. Du får jobbe med dyktige kollegaer og bli ein viktig del av eit tverrfagleg team som jobbar tett saman for å gi pasientane best mogleg pleie og behandling.
Send inn søknad i dag og bli med på å forme framtidas kirurgiske behandling ved FSS!
Arbeidsoppgåver
- Pre og postoperativ sjukepleie, akutt sjukepleie, palliasjon
- Prosedyrer knytt til dei ulike fagfelta
- Medikamenthåndtering
- Dokumentasjon og rapportering
- Tverrfagleg samarbeid
- Samhandling med kommunehelsetenesta
Kven er du?
**Vi Ser Etter Deg Som**
- Er norsk autorisert sjukepleiar
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Har interesse for kirurgiske fag og varierte oppgåver
- Det er ynskjeleg med kirurgisk erfaring/kompetanse innanfor fagfelta t.d. gastro (stomi), urologi, plastikk, karkirurgi, thorax, øyre/nase/hals (tracheostomi) eller auge.
- Har medisinsk teknisk kunnskap og IT- kompetanse, fordel å ha kunnskap om programma DIPS Arena, IMATIS, Meona og Orbit
Personlege eigenskapar
- Tilpassingsdyktig
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonseevner
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Sjølvstendig
Kva kan vi tilby deg
- Ein variert og spennande arbeidskvardag med mange prosedyrar og utfordringar
- Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, fokus på kvalitet og fagleg utvikling
- Inspirerte og dyktige kollegaer som er gode på samarbeid og trivst i lag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.