## **Om stillinga**
**Kjenn pulsen på Nordfjord - bli ein del av oss på Nordfjord legevakt!**
Likar du at ingen dagar er like? At du kan gjere ein forskjell når det gjeld som mest? Er du sjukepleiar eller paramedisinar som trivst i akutte situasjonar og når kompetansen din kjem til nytte?
Interkommunale helsetenester (IKHT) i Nordfjord er ein del av akuttberedskapen i Nordfjord, og dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn (gamle Vågsøy kommune), med til saman 22 500 innbyggjarar.
Stad kommune er vertskommunen for Nordfjord legevakt, og er lokalisert ved Nordfjord sjukehus. Interkommunale helsetenester:
- Legevaktformidling 116117
- Legevakt
- Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD)
På IKHT jobbar du tett saman med lege, sjukepleiar og anna helsepersonell.
Interkommunale helsetenester har ledig:
- Ei 82 % stilling der 40 % er fast stilling og 42% er vikariat inkludert 10 % frie timar, frå 20.09.26 til 20.08.27. Stillinga har tredelt turnus, og arbeid på to av sju helgar med langvakter.
- Eit 25 % vikariat helg frå oktober 2026 til 08.08.27
Er du ute etter faglege utfordringar, allsidig arbeidskvardag og personleg utvikling? Då er dette jobben for deg!
## **Nøkkelinformasjon**
Søknadsfrist:
04.10.2026
Arbeidsgivar:
Stad kommune
Stad:
Nordfjordeid
Stillingstittel:
Sjukepleiar/paramedisinar
Stillingar:
2
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Fast, Vikar
Stillingsprosent:
82, 25
Webcruiter-ID:
5182278137
## **Arbeidsoppgåver**
- Triagering, rådgiving og rettleiing på legevakt-telefon 116117
- Mottak, vurdering og behandling av pasientar på legevakt
- Pasientoppfølging og pleie av pasientar på ØHD
- Akutte vurderingar i tett samarbeid med lege, AMK og ambulanseteneste
## **Kvalifikasjonar**
- Sjukepleiar eller paramedisinar med interesse for akuttmedisin
- Liker å bruke breiddekompetansen i faget
- Kan ta eigne vurderingar og jobbe i ein uføresett arbeidskvardag
- Er løysningsorientert og likar tverrfagleg samarbeid
- Har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå akuttmedisin - legevakt, akuttmottak eller ambulanseteneste er ein fordel.
- Førarkort kl B for utrykning av legevaktbil saman med lege.
## **Personlege eigenskapar**
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer godt i akutte og krevjande pasientsituasjonar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og imøtekomande
- Du trivast i ein jobb der ingen dagar er like
- Du tek medansvar for eit godt arbeidsmiljø
- Du er ryddig og held orden rundt deg
- Du tilegner deg relevant fagleg kunnskap
## **Vi tilbyr**
- Ein variert arbeidskvardag
- Godt fagleg arbeidsmiljø med høg trivsel, der ein har høve til å opparbeide seg brei helsefagleg kompetanse
- Tredelt turnus med langvakter helg. Tilrettelagt for kvile på langvakter
- Sjukepleiar i turnus gjev eit rekrutteringstillegg på kr. 30.000 over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap. 4.
- Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar
Om du ynskjer 100 % stilling: Vi samarbeider med dei andre einingane i helse og omsorg slik at du kan jobbe i anna eining med samordna turnus.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar av nyare dato.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi håpar at nettopp du søkjer og blir vår nye kollega på Interkommunale helsetenester Nordfjord.
## **Adresse:** **Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid, Norge**
**Opne vegbeskriving** **(i ny fane)**
## **Kontaktinformasjon**
**Terje Andre Drage**
Avdelingsleiar Interkommunale helsetenester
Telefon: 95819005
E-post: Terje.Andre.Drage@stad.kommune.no
## **Om arbeidsgivaren**
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
www.nordfjord.no/stad
www.hjartestad.no