Vestland fylkeskommune

Spesialkonsulent/rådgjevar museum

Administration

Bergen, Norway

Publisert: 24/06/2026

Heltid

Utløper den 23/08/2026

Stillingsbeskrivelse

Vestland fylkeskommune søkjer ein spesialkonsulent/rådgjevar museum som vil vere med å vidareutvikle ein av dei sterkaste museumsregionane i landet.


Stillinga ligg i fageining for museum, fartøy- og bygningsvern, ein del av kulturarvseksjonen. Fageininga har lokasjon både i Bergen og Førde. Arbeidsstad for denne stillinga er Bergen.


Vestland har ti konsoliderte museum og eit stort mangfald av institusjonar. Fylkeskommunen har ei sentral strategisk utviklarrolle i å leggja til rette for ein regional heilskap på museumsområdet, mellom anna innan fellesmagasin, bevaringstenester, bygningsvernrådgjeving og kunnskaps- og utviklingsarbeid.


No søkjer vi ein erfaren, engasjert og samfunnsorientert rådgjevar som vil bidra aktivt i dette arbeidet.


Arbeidsoppgåver



- Førebu politiske saker og følgje opp vedteken politikk på museumsfeltet
- Planleggje og bidra i realisering av Samlingssentrum Vestland, eit fellesmagasin for musea i Hordaland
- Bidra til strategisk utvikling og regional samordning av museumsfeltet
- Følgje opp musea gjennom årlege museumssamlingar, dialog og nettverksarbeid
- Forvalte og følgje opp regionale driftstilskot og kulturfondmidlar
- Delta i og bidra til regionale og nasjonale museumsnettverk
- Delta i utviklingsprosjekt og andre relevante oppgåver ved behov

Noko reiseverksemd må påreknast.


Kvalifikasjonar


**Du Må Ha**

- Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum på bachelornivå (spesialkonsulent)
- Dokumentert kompetanse og erfaring frå museumsfagleg arbeid
- Førarkort personbil klasse B

**Vi Ønskjer At Du Har**

- Erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid innan museum og kulturarv
- Erfaring frå rådgjeving, saksførebuing eller arbeid tett på leiing og politiske organ
- Kunnskap om offentleg forvaltning og politiske prosessar

Personlege eigenskapar


Vi ser etter ein medarbeidar som kjenner seg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.


**I Tillegg Ønskjer Vi At Du Er**

- Er nytenkjande og utviklingsorientert
- Evnar å sjå heilskap og samanhengar
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Kommuniserer godt og samarbeider effektivt med ulike aktørar
- Arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.


Vi tilbyr



- Eit av Noregs mest sentrale og kompetente fagmiljø innan vern og utvikling av kulturarv
- Høve til å påverke utviklinga av museumsfeltet i Vestland
- Stillingstittel (rådgjevar/ spesialkonsulent) og løn vert fastsett etter kompetanse og erfaring
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Eit fagleg sterkt, inkluderande og engasjerande arbeidsmiljø

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

24/06/2026

Sted

Bergen, Norway

Utløpsdato

23/08/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

Bergen, Vestland

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

24/07/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

44

Publiserende selskap

Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune

Se selskapets profil

category

Administration

Sted

Bergen, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.