Stillingsbeskrivelse
Vikarstilling som lærar ved Velle skule Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Søk på stillinga (i ny fane)
Om stillinga
Velle skule i Ørsta kommune har ledig ei 100 % vikarstilling som lærar. Stillinga gjeld for perioden 07.04.26 - 19.06.26. Det kan også bli ledig vikariat i redusert stillingsprosent.
Ørsta kommune har i alt sju kommunale skular, og skulane er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.
Velle skule er ein 1.-7. skule med omlag 430 elevar og 82 tilsette. I tillegg er det ein praksisskule, samt partnerskule med Høgskulen i Volda (LU-skule).
Nøkkelinformasjon
**Søknadsfrist**
06.04.2026
**Arbeidsgivar**
Ørsta kommune
**Stad**
Ørsta
**Stillingstittel**
Vikarstilling som lærar ved Velle skule
**Stillingar**
1
**Heiltid / Deltid**
Heiltid
**Tilsetjingsform**
Vikar
**Stillingsprosent**
100
**Webcruiter-ID**
5101705362
**Startdato**
07.04.2026
**Sluttdato**
19.06.2026
**Sosial Deling**
Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
- Ta del i Ørsta kommune sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø der elevane si fysiske og psykisk helse står i sentrum
- Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning. Til fleire av lærarstillingane vil det også ligge kontaktlæraroppgåver
- Arbeide systematisk og målretta med grunnleggjande ferdigheiter, i alle fag
- Tett samarbeid med born og føresette
- Delta i nettverksarbeid og kollektiv kompetanseutvikling, på kvar einskild skule og i lag med andre einingar og tenester i oppvekst
- Pedagogisk personale må vere budde på å ta på seg rettleiingsansvar i høve til studentar
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært etter grunnskulelærarar
- Lærarar med godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse (PPU) vil ved særskilde fagbehov verte vurderte
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Det vert stilt krav om politiattest etter Opplæringslova
- 17-11 ved tilsetjing
**Vi ber deg oppgi kva fag du har fordjuping i når du søkjer på stillinga.**
Personlege eigenskapar
**Vi Ynskjer At Du**
- Har høg relasjonskompetanse
- Er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
- Bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
- Er ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson
- Kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
- Har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysningsorientert
- Kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeide i team
- Har profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). I dette legg vi evne til å tileigne seg kunnskapar om og bruke pedagogiske programvare og andre digitale verkty, og korleis bruke desse til det beste for elevane si læring. I Ørstaskulen disponerer alle lærarar og elevar Chromebooks og Google Workspace for Education som hovudverkty
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag der elevane si læring og utvikling står i sentrum
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår: Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkluderer frivillig ulykkesforsikring på fritida. Som lærar blir du medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP: Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, dine nærmaste blir sikra økonomisk når du døyr, og du får gode vilkår på bustadlån.
Ørsta kommune arbeider for å utvikle ein aktiv heiltidskultur og ynskjer så mange som mogleg tilsette i heiltidsstillingar. Fordelane ved flest mogleg tilsette i heile stillingar er store, først og fremst for elevane våre, men også for den tilsette sjølv, arbeidsmiljøet og for arbeidsgjevar.
**Arbeidsvilkår**
Stillinga er plassert i kap. 4 gr. 2
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk
**Prøvetid**
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
**Intern søkjar**
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML
- 14.
**Dokumentasjon**
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
**Om offentleglova**
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova
- 25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Adresse: Velle Skule, Anders Hovden-gata 4, 6153 Ørsta, Norge
**Opne vegbeskriving (i ny fane)**
Kontaktinformasjon
**Vidar Nupen**
Rektor
Telefon: 46 92 65 82
E-post: vidar.nupen@orsta.kommune.no
Om arbeidsgivaren
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
**Arbeidet Vårt Byggjer På Kommunen Sine Verdiar**
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
**Heiltidskultur og inkludering**
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.