Om stillingen
Vil du leia ei lokalavis med sterk posisjon og høge ambisjonar?
Sogn Avis står sterkt i Indre Sogn, med solide digitale lesartal og som ei av dei mest prisvinnande lokalavisene dei siste åra. No skal vi vidareutvikle mediehuset, og søkjer ein ansvarleg redaktør og dagleg leiar som kan setja retning, styrkja redaksjonen og løfta journalistikken vidare.
Kva kan vi tilby?
- Ei spennande leiarstilling med ansvar og moglegheit til å påverka lokalsamfunnet gjennom viktig journalistikk
- Ei sentral rolle i eit sterkt redaksjonelt miljø med høg faglegheit, tett samarbeid og ein kultur der vi spelar kvarandre gode
- Eit sterkt nordisk medienettverk gjennom Amedia , kåra til ein av landets mest attraktive arbeidsgivarar (og sertifisert som Great Place To Work)
- Eit arbeidsmiljø med 14 tilsette der samarbeid, utvikling og gjensidig støtte står høgt
Ansvarsområder
- Leia og samla redaksjonen med tydeleg, varm og handlekraftig leiarskap
- Utvikla journalistikken og bidra til digital vekst og sterke redaksjonelle produkt
- Løfta avisa sin posisjon i regionen gjennom relevant, kritisk og innsiktsbasert journalistikk
- Vera tett på menneska i redaksjonen og på innhaldet som blir publisert
Kven passar rolla for?
- Du trivst med endring og ser det som ein naturleg del av å leie eit moderne mediehus.
- Du har leiarerfaring og trivst med å vera den som både set retning og byggjer kultur.
- Du har svært god presseetisk dømmekraft og ønskjer å vidareutvikla journalistikken med utgangspunkt i innsikt og analyse.
- Du er ein lagbyggjar som bryr deg om folk og som likar å skapa utvikling saman med andre.
Spørsmål om stillinga?
For spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med ein av rådgjevarane i FRAM, Bård Idås på telefon 95 04 44 83 eller Ann Mari Nygjerde på telefon 95 75 02 45. Du kan også ta kontakt lokal klubbleiar for NJ Wenche S. Eikum på telefon 97 16 49 07. Vi gleder oss til å høre fra deg!
Søknadsfrist
10.03.2026
Erfaringsnivå
Erfaringsnivå: Mellomnivå