Om stillingen
Vik kommune Heimebaserte tenester, open omsorg 2
Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk senest lørdag 10. januar
Vik kommune har ledig 4 helgestillingar som helsefagarbeidar i Bringebærhagen. 3 av stillingane er faste, og 1 er eit vikariat på inntil 1 år. Stillingane er ledig frå snarast.
Om arbeidsstaden
Kommunen er liten men tenkjer stort. Me byggjer nye og moderne lokale med sjukeheim, og lokale til heimetenester, psykiatri, psykolog, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Bli med på ein spanande og framtidsretta utvikling i kommunen!
Me tilbyr
Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling
Tilskot til flytting og buutgifter kr 40 000,- årleg i to år
Tilrettelegging for relevant vidareutdanning og sirkulering mellom ulike avdelingar om ynskjeleg
Årsturnus
Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga
Heilheitleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar, med fokus på brukarmedverknad
Vera pådrivar for eigenmeistring
Deltaking i ulike prosjekt
Dokumentasjon, laga og evaluera tiltaksplanar
Me søkjer
Me søkjer deg som er helsefagarbeidar, og som ynskjer å gjera kvardagen god for andre. Stillingane vert opna for søkjarar med anna relevant utdanning og/eller erfaring.
Krav til kompetanse
Autorisasjon som helsefagarbeidar
Me ynskjer også søkjarar under utdanning, som får autorisasjon i nær framtid
Stillingane kan opnast for søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring
God norsk munnleg og skriftleg kompetanse
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Du er engasjert og positiv
Du er ryddig, strukturert og systematisk
Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og tek ansvar
Du er fagleg trygg, modig og raus, og evnar å gjera tenesta, tilsette og brukarar gode
Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv
Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring må leggast ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Tove Lislelid
Tenesteleiar
+47 46934640
Om bedriften
Vik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk. Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
20ea99a8-891f-44c6-9d75-9818acd0eae2
Sist endret
- desember 2025
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3563059_248691_nn
Lignende annonser
Sommarvikarar - Sogndal helse- og omsorgssenter
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Sogndal helse- og omsorgssenter
Sted
Sogndal
Sommarvikar i heimetenesta i Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
Sted
Sogndal
Sjukepleiar/Vernepleiar
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Helse og omsorg
Sted
Leikanger
Rad na daljinu: Da
Erfaringsnivå
Erfaringsnivå: Mellomnivå