Jobs Tenders Companies Packages Platforms How it works About us Contact
Post a job Log in
Logo Helse Bergen
Job Full-time

Intensivsjukepleiar

Helse Bergen Bergen, Norge Helse og medisin Published 5. March 2026

About the job

Om stillinga

Brannskadeavdelinga ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus, har ledig faste stillingar**. Turnus med arbeid pt. kvar 3. helg med moglegheit for 12,5t. vakter kvar 2, 3 eller kvar 4. helg. Stillingane er ledig frå snarast eller etter nærare avtale.**

Avdelinga har ansvaret for den nasjonale behandlingstenesta for avansert brannskadebehandling og behandlar kvart år 150-200 pasientar frå heile landet med alvorlege brannskadar. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper.

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Snarast

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stillingstittel:

Intensivsjukepleiar

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5091871232

Del på X

Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Brannskadeavdelinga er ein spennande arbeidsplass med mange sjukepleiefaglege utfordringar
  • Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
  • Arbeid knytt til intensivbehandling, sår og sårbehandling, ernæring, mobilisering og planlegging av rehabilitering etter brannskadar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning som intensivsjukepleiar
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker oss medarbeidarar som søker faglege utfordringar, og som likar å arbeide i team, også tverrfagleg team
  • Søkar må ha evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og vere løysingsorientert
  • Søkar må ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver og ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Søkar må ha evne til å jobbe sjølvstendig og bidra/fungere i krevjande situasjonar
  • Du må kunne trivast i eit aktivt og travelt miljø, vere positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å opparbeide seg ein unik kompetanse då vi har nasjonal funksjon
  • Spennande arbeidsstad
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kurs for nye tilsette
  • Internasjonalt kurs i akutt brannskadebehandling
  • Ulempetillegg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse:

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge

Click to add a map

Kontaktinformasjon

Liv Hege Furnes Hilt

Seksjonsleiar

Telefon:

55973560

E-post:

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Erfaringsnivå

Erfaringsnivå: Mellomnivå

Similar jobs

See all