Stillinger Anbud Bedrifter Pakker Plattformer Slik fungerer det Om oss Kontakt
Legg ut stilling Logg inn
Logo Helse Bergen
Stilling Heltid

Sjukepleiar/ vernepleiar, 60% natt

Helse Bergen Bergen, Norge Helse og medisin Publisert 23. februar 2026

Om stillingen

Om stillinga

Ønsker du å vere ein del av eit sterkt fagmiljiø på en døgnseksjon der pasientbehandling står i sentrum? Trivst du med travle dagar, varierte oppgåver, faglege utfordringar og tverrfagleg samarbeid for å skape rammer, auke meistring og livskvalitet til pasientar med ulike psykiske lidingar?

Ved allmenn døgnbehandling på Øyane DPS har vi ledig 60% stilling på natt med arbeid kvar 3 helg.

Seksjon allmennpsykiatrisk døgnbehandling er ein open døgnseksjon som tilbyr korttidsbehandling. Seksjonen er eit ledd i akuttforløpet og i behandlingskjeda for menneske med ulike psykiske lidingar og kan ha et høgt aktivitetsnivå. Personalgruppa er tverrfagleg og består av psykiater, psykolog, LIS-lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar, miljøterapeutar og assistentar. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid internt og eksternt for å skape gode rammer for pasienten og bidra til å auke meistring og livskvalitet. I behandling har vi fokus på psykologisk behandling, miljøterapi og medikamentelle tiltak. Ernæring og fysisk aktivitet er også vesentlege element i behandlinga.

Øyane DPS er eit av tre DPS ved Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye lokale i 2011 og er lokalisert i naturskjønne omgivnader på Straume i Øygarden kommune, om lag 15 min køyring fra Bergen sentrum. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggjarar over 18 år. Kommunane er i rask vekst og vi har god kontakt med primærhelsetenesta og fleire samhandlingsprosjekt som er under arbeid.

Øyane DPS består av:

  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk med eige akutteam og MBT team
  • Allmenn døgnseksjon med 8 senger
  • Psykose døgnseksjon med 8 senger
  • Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose.

Er du ein sjukepleiar eller vernepleiar som er opptatt av å gi god kvalitet i pasientarbeidet, har engasjement for pasientar med psykiske lidingar og liker å jobbe saman med kollegaer til å skape eit trygt og utviklande arbeidsmiljø? Då håper vi du vil søke på denne stillinga.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

15.03.2026

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stillingstittel:

Sjukepleiar/ Vernepleiar, 60% natt

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

60

Webcruiter-ID:

5076522542

Del på X

Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver knytta til drift, oppfølging og behandling av pasientar
  • Tverrfagleg samarbeid i team og sjølvstendig arbeid
  • Mottak og oppfølging av pasientar
  • Utarbeide og setje i verk miljøterapeutiske tiltak for å fremme meistring og livskvalitet i kvardagen
  • Utarbeiding av behandlingsplanar, kriseplanar og arbeide tett opp mot kommune og pårørande
  • Tillaging og administrasjon av medikamentell behandling
  • Pårørandearbeid, herunder kartlegging av barn som pårørande
  • Ansvarsvakt
  • Delta aktivt i fysisk aktivitet med pasientane

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Ønskeleg med erfaring frå psykisk helsearbeid
  • Ønskeleg med erfaring frå DIPS og Meona
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • Ansvarsbevisst og robust
  • Gode kommunikasjonsevner og evner til relasjonsbygging
  • Evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og fleksibelt
  • Må like å samhandle i team og vere løysingsorientert
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Fokus på godt arbeidsmiljø og tett samhandling på tvers av profesjonar og grupper

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Eit positivt og godt kollegialt miljø
  • IA -bedrift

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse:

Blombakkane 75, 5354 Straume, Norge

Click to add a map

Kontaktinformasjon

Benedicte Skagen

Seksjonsleiar

Telefon:

56326669

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Erfaringsnivå

Erfaringsnivå: Mellomnivå

Lignende stillinger

Se alle