Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Central Norway Regional Health Authority
sjukepleiarspesialsjukepleiar-huc2fm
Beskrivelse
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Søk på stillinga (i ny fane)
Om stillinga
Er du sjukepleiar/spesialsjukepleiar med interesse for lunge, fordøying og indremedisin? Ser du etter ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø? Då søker vi nettopp deg til sengeposten vår på SNR! Vi har endra struktur og får derfor ledige faste stillingar hos oss. Vi har også ledige vikariat. Oppgi gjerne kva stillig - og stillingsstorleik du ser for deg.
1 x 100 % fast stilling 2 x 80 % fast stilling 3 x 100 % vikariat f.o.m 1/6-26 t.o.m 31/8-27 Tryggleik, respekt, kvalitet og trivsel er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid, i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer. Vi er ein sengepost med fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling er i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette. Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil leggje til rette for at tilsette kan kome med ønskjer for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønskjer det.
Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Du får jobbe i eit nytt, moderne og framtidsretta sjukehus. Nye digitale arbeidsverktøy og konsept bidrar både til økt pasientryggleik og bedre arbeidsflyt.
Høyrast dette spennande ut? Send oss ein søknad og bli med på laget!
Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår!
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist 06.04.2026
Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF
Stad HJELSET
Stillingstittel Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Stillingar 6
Heiltid / Deltid Heiltid, Deltid
Tilsetjingsform Fast, Vikariat
Stillingsprosent 100, 80
Webcruiter-ID 5094612759
Startdato 01.06.2026
Sosial Deling Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutte og kroniske sjuke pasientar
- Sjukepleieadministrative oppgåver
- Legemiddelhandtering
- Arbeid i team rundt pasienten
- Kontinuerleg forbetringsarbeid
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Samhandling med kommunar
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Videreutdanning innen lunge, fordøyelse, nyre eller diabetes
-
- års sjukepleiestudentar som mottar autorisasjon som sjukepleiar sommaren 2026 kan også søkje
- Meistrar norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og har gode samarbeidsevner
- Du arbeider både sjølvstendig og i team
- Du er motivert for å utføre varierte arbeidsoppgåver
- Du bidreg til fagleg utvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
- Du er ansvarsbevisst
- Du er påliteleg og lojal
- Du er løysingsorientert
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Faglege utfordringar
- Fagutvikling og kompetanseheving
- Fagdagar i turnus
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Adresse: Opdølvegen 4, 6450 HJELSET, Norge
Opne vegbeskriving (i ny fane) Kontaktinformasjon
Mathilde Stranden Seksjonsleiar
Telefon: +47 71 11 69 92
E-post: Mathilde.Stranden@helse-mr.no
Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
Krav
Nivo: mid level
Denne annonsen kommer fra en ekstern kilde. Søknader sendes inn på arbeidsgivers nettsted.
Søk på kildesiden