Om stillingen
Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkar til ledige undervisningsstillingar, vikariat og/eller faste, frå august 2026.
Både heiltid- og deltidsstillingar kan bli aktuelt. For enkelte stillingar kan det verta aktuelt med tidlegare tilsettingstidspunkt. Rekrutteringa startar i løpet av mars og vil halde fram fram til skulestart.
Vaksdal Kommune Har 5 Skular; 2 Kombinert Skular (1-10) Og 3 Barneskular (1-7), Som Du Kan Få Nærare Opplysningar Hjå
Stanghelle skule: Rektor Kari Vaksdal Faugstad
Vaksdal skule: Rektor Agnetha Olsen Brekkhus
Dale skule : Rektor Malin Sæterdal
Stamnes oppveksttun: Rektor/leiar Rose-Marie Mo Lilletvedt
Eksingedalen oppveksttun: Rektor/leiar Liv Anne Bergo
Set gjerne opp ein bestemt skule dersom du har ein preferanse.
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar).
- God digital kompetanse.
- Søkarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgande fag vil bli føretrekt; matematikk, norsk og engelsk.
- Krava til kompetanse på ungdomstrinnet for å undervise i norsk, matematikk og engelsk er 60 studiepoeng. I dei fleste andre fag er kravet 30 studiepoeng. For å undervise i faga norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet må du ha 30 studiepoeng.
- Det er ønskeleg med lærarar som har brei undervisningskompetanse.
- Vi ser særleg etter personar som har kompetanse i den første lese- og skriveopplæringa.
- Søkarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte.
- Du må ha godkjent politiattest.
Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som
- er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar mellom elevane
- skapar eit godt samarbeid med elevane sine heimar
- set eleven sitt beste i sentrum
- vektlegg tilpassa opplæring, elevmedverknad og fagleg vekst bidreg til skulane sitt profesjonelle læringsfelleskap
- har gode evne til samarbeid og kommunikasjon er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi oppmodar menn til å søkja. Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
Vaksdal Kommune kan tilby
- løn i tråd med tariffavtale og lokale lønsforhandlingar
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- individuell oppfølging
Erfaringsnivå
Erfaringsnivå: Mellomnivå