وظائف المناقصات الشركات الحزم المنصات كيف يعمل عنا الاتصال
انشر وظيفة تسجيل الدخول
Logo Fjord1 AS
وظيفة بدوام كامل

Vil du bli vår nye skipsførar?

Fjord1 AS Oslo, Norge Transport og logistikk Publisert 2. مارس 2026

Om stillingen

Vil du bli vår nye skipsførar? Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Søk på stillinga (i ny fane)

Om stillinga

Vi ser etter ein skipsførar til vår ferge MF Nordfjord som trafikkerer sambandet Askvoll-Værlandet. Her får du ein fin 12:9 skiftorning med fri 2 av 3 helger og ferieavvkling på sommer. Her får du lange friperiodar til familie og fritid. Det er ein faglig utfordrande men meiningsfylt jobb i eit framtidsretta selskap med fokus på miljø, teknologi og konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar. MF Nordfjord er eit fartøy som viser gode resultat tilknytta HMS og generelle måltal, og vi treng forsterkningar som kan bidra til det gode arbeidet om bord.

Turnusen går slik: mandag-onsdag, fredag-mandag, onsdag-fredag etterfulgt av 9 døgn fri. Du arbeider bare dag/kveld og ikkje på natt.

Kvifor bør du søke?

  • Du får ein nøkkelrolle som leiar i eit team som bidrar til å å halde lokalsamfunnet saman.
  • Fleksibel turnus.
  • Engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Mykje fritid både på helg og i kvardager.

Turnus gjer at ein bør bu innenfor rimelig avstand frå Askvoll. Ta kontakt ved spørsmål.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist 09.02.2026

Arbeidsgivar Fjord1 AS

Stad Askvoll

Stillingstittel Skipsførar MF Nordfjord, Askvoll-Værlandet

Stillingar 1

Heiltid / Deltid Heiltid

Tilsetjingsform Fast

Stillingsprosent 100

Webcruiter-ID 5069201468

Startdato 13.04.2026

Sosial Deling Del på X

Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Sikkerheitsstyring
  • Energileiing
  • Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
  • Ansvarleg for personleg tryggleik
  • Ansvarleg for miljømessig tryggleik
  • Skipsførar er leiar om bord
  • Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

Vi leiter etter ein ansvarleg skipsførar med erfaring innan maritime operasjonar og ledelse. Du bør ha ein forståelse for sikkerheitsprosedyrer, gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å ta raske beslutningar i krevande situasjoner. Som skipsførar vil du sikre trygg og effektiv drift, samt inspirere og lede mannskapet om bord. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • 12:9 med arb. mandag - onsdag, fredag - mandag, onsdag - fredag

Adresse: Askvoll, 6980 Askvoll, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane) Kontaktinformasjon

Jonas Hovland Rekrutteringsrådgiver

Telefon: +47 90210232

E-post:

Om arbeidsgivaren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Erfaringsnivå

Erfaringsnivå: Mellomnivå

Lignende stillinger

Se alle