## **Om stillinga**
Stette barnehage søker Barne- og ungdomsarbeidar i 100% fast stilling f.o.m. 01.08.26.
## **Nøkkelinformasjon**
Søknadsfrist:
31.05.2026
Arbeidsgivar:
Ålesund kommune
Stad:
Skodje
Stillingstittel:
Barne- og ungdomsarbeidar 100% fast stilling
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
5128739040
## **Arbeidsoppgåver**
- Stilling som fagarbeidar inneber arbeid med barn i alderen 0-6 år, jmfr Barnehageloven og Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver
- Fagarbeider arbeider i team med pedagogar og andre fagarbeidarar
- Vi leiter etter deg som kan jobbe i tråd med forventningane under:
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn.
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
- Bidra til at det enkelte barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe.
- Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, innanfor dei rammene ein har blitt einige om.
- Delta aktivt i barnehagens endrings- og utviklingsarbeid.
- Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt.
## **Kvalifikasjonar**
- Fagbrev Barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Godkjent politiattest
- Gode norskkunnskapar jfr krav i Barnehageloven
- Gode IKT-kunnskaper til dagleg bruk i prosjektarbeid og dokumentasjon
## **Personlege eigenskapar**
Vi søker ein medarbeidar som har evne til å:
vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
arbeide sjølvstendig i det daglege arbeidet i kvardagen
vere ein pådrivar både i det praktiske og faglege arbeidet
helde deg oppdatert på det som skjer på arbeidsplassen
vere bidragsyter på personalmøter og planelggingsdagar, og ønske personleg utvikling
reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
syne handlekraft, organiserer og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
sette deg personelege mål og vere synleg i gruppa
samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartar
vere ein inkluderande medarbeider og bidra til godt arbeidsmiljø
kan arbeide etter Ålesund kommune sine kjerneverdiar: Open, Engasjert og Modig.
Personlege egenskaper vert tillagt stor vekt.
## **Vi tilbyr**
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader.
- Løn etter gjeldande tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte og positive medarbeidarar
## **Adresse:** **Bjønnaberget 7, 6260 Skodje, Norge**
**Opne vegbeskriving** **(i ny fane)**
## **Kontaktinformasjon**
**Janne Aamelfot**
Verksemdsleiar
Telefon: +47 958 75 569
## **Om arbeidsgivaren**
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.