Jærmuseet

Bli kommunikasjonsmedarbeidar i Jærmuseet

Administration

Oslo, Norway

Publisert: 20/12/2025

Heltid

Utløper den 18/02/2026

Stillingsbeskrivelse

**Er du god til å skapa engasjerande innhald og tekstar?**
Då er kanskje du den me leiter etter?


**Du blir ein viktig del av administrasjonen i Jærmuseet.**
Saman med marknads- og kommunikasjonssjefen skal du bidra til å gjera museet synleg og relevant. Målet vårt er å skapa tydeleg og engasjerande innhald som
**aukar kjennskapen**
til Jærmuseet og når eit breitt publikum.


Arbeidet ditt vil omfatta nettsider, sosiale media (SoMe), nyheitsbrev, pressemeldingar og andre digitale og fysiske kanalar. Hjå oss får du samarbeida med pedagogar, handverkarar, samlingsforvaltarar, kokkar og andre engasjerte fagfolk – alle med eit felles mål om å
**forvalta historia**
og
**formidla kunnskap**
og
**opplevingar**
på ein inspirerande måte.


Slagordet vårt er opplev – delta – utforsk.


**Hjå oss vil du bli involvert i mykje spennande!**
Me ser etter ein
**initiativrik**
og
**kreativ**
person som kan løfta kommunikasjonen vår. Du skal
**formidla aktivitetane**
ved dei 12 museumsanlegga våre, det omreisande vitensenteret Science Circus, og arbeidet vårt med samlingar og dokumentasjon.


Hjå oss skjer det mykje: aktivitetsdagar, utstillingsopningar, bursdagsfeiringar, fagsamlingar, skulebesøk og opne publikumsdagar – og alt dette skal speglast i våre kanalar.


Jærmuseet er på jakt etter deg som er strukturert og som sikrar at ballane kjem i mål til rett tid. Du må ha eit klart og
**levande nynorsk språk**
og ha eit godt blikk for det visuelle, foto og film. Du må trivast med bruk av SoMe og kjenna til moglegheitene som finst her. Du må trivast med folk (og gjerne òg med fe).


**Kva bør søknaden din innehalda?**
For At Me Skal Få Eit Best Mogleg Grunnlag For å Vurdera Deg Som Kandidat, Anbefaler Me At Du Inkluderer Følgjande i Søknaden



- Korleis oppfyller du kvalifikasjonskrava og dei ønskte eigenskapane som står i utlysingsteksten?
- Kva er motivasjonen din for å søkja på denne stillinga, og kvifor ønskjer du å arbeida akkurat hjå oss?
- Utfyllande og relevant CV - me vil råda deg til å bruka CV-skjemaet som er tilgjengeleg i JobbNorge.
- Har du konkrete relevante eksempel på ting du har gjort før? Legg gjerne med nettadresse.
- Anna som du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din.

**Me ser etter deg som**
**Har Følgjande Kvalifikasjonar**

- Utdanning på bachelornivå innan kommunikasjons-/medie-/ journalistikkfag - relevant arbeidserfaring kan kompensera for formell utdanning
- Ha blikk for kva innhald som fungerer i dei ulike kanalane
- Erfaring med innhaldsproduksjon, som tekst, bilete og video til ulike kanalar
- Interesse for å forstå og ta i bruk kunstig intelligens
- Kunne skriva nynorsk, bokmål og engelsk
- Erfaring frå Wordpress, Metas Business Manager, Adobe Creative Cloud og Google Ads kan vera ein fordel
- Førarkort klasse B

**Kjenner Deg Igjen i At Du**

- Er interessert i å formidla historie, vitskap og opplevingar
- Er sjølvgåande
- Liker å koma i kontakt med folk og kan samhandla med dei på ein god måte
- Har lyst til, og er god på å samarbeida med andre
- Er god på å strukturera og halda oversikt
- Har evne til å snu deg rundt og ta ting litt på sparket
- Er god til å få landa ting sjølv om det er mykje som skjer

**Dette tilbyr me**

- Eitt-årig engasjement i inntil 100 % stilling – med moglegheit for forlenging.
- Ein variert og spennande arbeidskvardag i eit triveleg og engasjert miljø.
- Gode høve til fagleg og personleg utvikling.
- Gode ordningar: pensjonsavtale, behandlingsforsikring og fleksibel arbeidstid.
- Løn etter avtale.

**Arbeidsstad**
Stillinga dekker alle musea våre. Kontorplass kan vera på
**Vitengarden (Nærbø)**
eller
**Vitenfabrikken (Sandnes)**
.


**Rekrutteringsprosessen vår**
Me Ønskjer Ein Ryddig Og Rettferdig Rekrutteringsprosess Der Alle Kandidatar Får God Og Likeverdig Behandling. Som Jobbsøkjar Hjå Oss Kan Du Forventa Følgjande


**Etter søknadsfristen**

- Me les og vurderer alle søknadar grundig opp mot krava i utlysinga.
- Dersom du ikkje går vidare i prosessen, får du beskjed så snart me har gjennomført første vurderingsrunde.

**For aktuelle kandidatar**

- Du blir invitert til intervju. Samtidig får du ei oppgåve som skal løysast og presenterast i intervjuet (5-10 minutt presentasjonstid).
- Ved behov gjennomfører me to intervjurundar.
- Referansesjekk blir gjort etter intervju, men før endeleg innstilling.

**Til slutt**

- Me legg vekt på at den me tilset skal vera personleg eigna for stillinga.
- Den som blir tilsett må levera godkjent politiattest før oppstart.

**Mangfald og tilrettelegging**
Me trur at ulike perspektiv gjer oss sterkare, og me ønskjer ein arbeidsplass der mangfald er ein naturleg del av kvardagen. Difor oppfordrar me alle kvalifiserte kandidatar – uavhengig av bakgrunn – til å søkja.


Alle søkjarar blir vurderte ut frå kompetanse og erfaring, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.


**Har du spørsmål eller behov for tilrettelegging?**
Me vil at du skal få vist deg frå di beste side. Dersom du har spørsmål om prosessen eller treng tilrettelegging, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss. Me finn gode løysingar saman.

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

20/12/2025

Sted

Oslo, Norway

Utløpsdato

18/02/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Fjernarbeid

Hybrid

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

19/01/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

43

Publiserende selskap

category

Administration

Sted

Oslo, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.