Pota Madre

Daglig leder / COO

Administration

Bergen, Norway

Publisert: 09/03/2026

Heltid

Utløper den 08/05/2026

Stillingsbeskrivelse

**Daglig leder / COO – Operativ toppleder i Potamadre**

Potamadre er eit etablert og raskt veksande fastfood-konsept med 9 eigne matvogner, 2 franchise-vogner og eitt franchise-innelokale. Verksemda har høg aktivitet, mange einingar og ein kompleks kvardag – og er no i ein fase der vidare vekst krev tydeleg operativ leiing og sterk gjennomføringsevne.

Vi søkjer ein Daglig leder / COO som ønskjer å ta fullt eigarskap til drift, organisasjon og økonomi – og som trivst med å skape struktur, lønsemd og stabilitet i ein operativ verksemd.

Dette er ikkje ei rådgivarrolle.

Dette er ei rolle for deg som vil styre, prioritere og ta ansvar.

**Om rolla**

Som Daglig leder / COO vil du ha det overordna ansvaret for at Potamadre fungerer godt – kvar dag.

Du vil:

- Ha formelt ansvar som daglig leder
- Eige den daglege drifta på tvers av eigne einingar og franchise
- Leie og utvikle drifts- og administrasjonsteam
- Sikre god økonomisk styring, marginar og resultat
- Identifisere og gjennomføre konkrete forbetringar i drift og system
- Ta nødvendige grep i organisasjonen når noko ikkje fungerer
- Bygge struktur, klare forventningar og god gjennomføringsevne

Gründer er aktiv eigar og frontfigur, men du har fullt ansvar for den operative kvardagen.

**Kven vi ser etter**

Vi ser etter ein erfaren operativ leiar som:

- Har hatt reelt leiaransvar for drift og resultat
- Har leidd leiarar og større team i driftstunge verksemder
- Forstår mat- og servicebransjen, eller liknande operasjonelle miljø
- Ser både detaljar i kvardagen og mønster på systemnivå
- Er trygg i avgjerder og komfortabel med ansvar og forventningar
- Trivst med struktur, oppfølging og gjennomføring
- Har solid økonomisk forståing i praksis

Du treng ikkje vere ein “visjonær type”.

Vi ser etter ein stabil, tydeleg og handlekraftig leiar.

**Vi tilbyr**

- Ei sentral leiarrolle i eit lønnsamt selskap i vekst
- Reelt handlingsrom og tydeleg mandat
- Ansvar for ein kompleks og spennande drift med mange einingar
- Tett samarbeid med erfarne driftssjefer, over 70 tilsette, eigar og styre
- Konkurransedyktig lønn
- Bonus / insentivordning
- Moglegheit for langsiktig insentiv / eigarstruktur for rett kandidat

**Arbeidsstad:**
Fleksibelt (med tilstedeværelse der drifta er)

**Tiltreding:**
Etter avtale

**Interessert?**

Ta gjerne uformell kontakt:

kaj@potamadre.no

41504823

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

09/03/2026

Sted

Bergen, Norway

Utløpsdato

08/05/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Fjernarbeid

Hybrid

Arbeidssted

Bergen, Vestland

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

08/04/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

9

Publiserende selskap

category

Administration

Sted

Bergen, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.