Central Norway Regional Health Authority

Fagkokk/kokk

Administration

Hjelset, Norway

Publisert: 04/03/2026

Heltid

Utløper den 03/05/2026

Stillingsbeskrivelse

Fagkokk/kokk Seksjon for kjøkken og kantine SNR, Helse Møre og Romsdal HF


Søk på stillinga (i ny fane)


Om stillinga


**Vi søkjer etter ein fagkokk/kokk med funksjon som driftskoordinator til kafeen vår.**
Kafeen har blitt ein attraktiv møteplass, og vi ønskjer ein person som kan ivareta og vidareutvikle tilbodet. Kafeen er open kvar dag heile året, også i helger og høgtider.


Vi tilbyr eit breitt utval av både varm og kald mat, salatbuffet, drikke, kioskvarer, vekeblad og gåveartiklar. Vi driv òg ein ubetent kiosk med smart vareskap med ulike typar drikke, mat og kioskvarer. I tillegg drifter vi ein Espresso House-baristastasjon.


Vi søkjer no etter ein kokk med fagbrev, og/eller søkjarar med relevant erfaring frå kafe, kantine, hotell eller restaurant, som kan gå inn i funksjon som driftskoordinator. Vi har ledig ei 100 % fast stilling, med oppstart snarast, eller etter avtale med seksjonsleiar.


Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Nøkkelinformasjon


**Søknadsfrist**
18.03.2026


**Arbeidsgivar**
Helse Møre og Romsdal HF


**Stad**
Hjelset


**Stillingstittel**
Fagkokk/kokk


**Stillingar**
1


**Heiltid / Deltid**
Heiltid


**Tilsetjingsform**
Fast


**Stillingsprosent**
100


**Webcruiter-ID**
5076902210


**Sosial Deling**
Del på X


Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post


Arbeidsoppgåver



- Dagleg ansvar for drift av kafé og ubetent kiosk
- Bestille mat og drikke fra produksjonskjøkkenet
- Tilberedning og servering av mat og drikke
- Aktiv bruk av seksjonen sitt kvalitetssystem
- Bruk av seksjonen sine digitale verktøy

Kvalifikasjonar



- Ønskeleg med fagbrev
- Relevant erfaring kan kompensere for fagbrev
- Ønskeleg med erfaring fra kafé, kantine, hotell eller restaurant
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar



- God evne til teamarbeid – men arbeider òg godt sjølvstendig
- Du er serviceinnstilt
- Gode kommunikasjonsevner i møte med kundar
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- Positiv til endringar og liker utfordringar
- Du trivs i eit aktivt og travelt miljø
- Inititativrik
- Kreativ og berekraftig bruk av råvarer

Vi tilbyr



- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

*Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen
**her.***
*Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er ei perle på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre*
***her.***
Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge


**Opne vegbeskriving (i ny fane)**
Kontaktinformasjon


**Eli Nytun Sæther**
Seksjonsleiar


E-post: Eli.Nytun.Sether@helse-mr.no


Om arbeidsgivaren


*Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.*
*Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå*
*Helse Møre og Romsdal*

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

04/03/2026

Sted

Hjelset, Norway

Utløpsdato

03/05/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

Hjelset, Møre og Romsdal

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

03/04/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

5

Publiserende selskap

Central Norway Regional Health Authority

Central Norway Regional Health Authority

Se selskapets profil

category

Administration

Sted

Hjelset, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.