Central Norway Regional Health Authority

Helsefagarbeidar

Administration

Hjelset, Norway

Publisert: 11/03/2026

Heltid

Utløper den 10/05/2026

Stillingsbeskrivelse

Helsefagarbeidar Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF


Søk på stillinga (i ny fane)


Om stillinga


***Er du ein engasjert helsefagarbeidar som er klar for nye utfordringar? Vi har ledig stilling til deg på vårt nye topp moderne sjukehus på Hjelset, og vi vil gjerne ha deg med på laget!***
Vi har ledig ei fast 100% stilling, med oppstart 1.6.26 evt. etter avtale!


Sengepost Medisin 3 har i dag 28 sengeplassar fordelt på dei spennande fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri. Vi har fagsjukepleiarar ved alle fagfelta, og fagdag for alle tilsette i turnus.


Vi er ein god arbeidsplass der vi har eit solid fagmiljø og fokus på best mogeleg pasientbehandling, tryggheit, kvalitet og respekt.


Her er det hyggelege og engasjerte kollegaer som vil ta godt imot deg, og arbeidsgleda hos oss er stor! Vi tek vare på og rettleiar kvarandre.


Vi jobbar saman i team, og vi samarbeidar med fleire faggrupper gjennom dagen. Som helsefagarbeidar vil du og avlaste sjukepleiar med ulike oppgåver etter gjennomført opplæring.


Turnusen er tredelt, med arbeid kvar 3.helg. Du må gjerne kome med ønskje om korleis vi kan legge vaktfordelinga best til rette for deg. Vi har tibod om langvakter på helg. Med langvakter vil det verte arbeid kvar 4. helg. Langvakter er frivillig.


Høyrast dette interessant ut, så legg inn ein søknad, og ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på!


Nøkkelinformasjon


**Søknadsfrist**
25.03.2026


**Arbeidsgivar**
Helse Møre og Romsdal HF


**Stad**
Hjelset


**Stillingstittel**
Helsefagarbeidar


**Stillingar**
1


**Heiltid / Deltid**
Heiltid


**Tilsetjingsform**
Fast


**Stillingsprosent**
100


**Webcruiter-ID**
5094761459


**Sosial Deling**
Del på X


Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post


Arbeidsoppgåver



- Utføre pleie som inkluderar heilheitleg omsorg
- Dokumentasjon
- Delegerte oppgåver frå sjukepleiar
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner
- Rettleiing av elevar og lærlingar

Kvalifikasjonar



- Fagbrev som helsefagarbeidar
- Gjerne erfaring fra fagfelta i vår sengepost
- Du må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar



- Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
- Du er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientert
- Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
- Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr



- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge


**Opne vegbeskriving (i ny fane)**
Kontaktinformasjon


**Mette Malme**
Seksjonsleder


Telefon: 93451373


E-post: Mette.Malme@helse-mr.no


Om arbeidsgivaren


Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

11/03/2026

Sted

Hjelset, Norway

Utløpsdato

10/05/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

Hjelset, Møre og Romsdal

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

10/04/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

43

Publiserende selskap

Central Norway Regional Health Authority

Central Norway Regional Health Authority

Se selskapets profil

category

Administration

Sted

Hjelset, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.