Central Norway Regional Health Authority

Intensivsjukepleiar/sjukepleiar

Administration

Volda, Norway

Publisert: 24/07/2026

Heltid

Utløper den 24/07/2026

Stillingsbeskrivelse

Intensivsjukepleiar/sjukepleiar Intensiv Volda, Helse Møre og Romsdal HF


Søk på stillinga (i ny fane)


Om stillinga


**Er du vår nye intensivsjukepleiar/sjukepleiar?**
Vil du jobbe i eit fagmiljø med høg kompetanse, varierte arbeidsoppgåver og tett tverrfagleg samarbeid? Då ønskjer vi deg velkomen til Intensiv i Volda!


Vi har eit ledig vikariat frå 17.08.26 til 31.12.26, med moglegheit for forlenging. Oppstartsdato kan avtalast.


Vi søkjer ein engasjert og fagleg interessert intensivsjukepleiar/sjukepleiar som ønskjer å vere ein del av eit dyktig og inkluderande team.


Intensiv i Volda behandlar eit breitt spekter av medisinske og kirurgiske pasientar. Vi har ansvar for overvaking og behandling av kritisk sjuke pasientar, postoperativ oppfølging etter kirurgiske inngrep og ivaretaking av pasientar i samband med dagkirurgi.


Arbeidskvardagen er variert, utfordrande og lærerik, med vekt på kvalitet, pasienttryggleik og fagleg utvikling.


Nøkkelinformasjon


**Søknadsfrist**
17.08.2026


**Arbeidsgivar**
Helse Møre og Romsdal HF


**Stad**
Volda


**Stillingstittel**
Intensivsjukepleiar/sjukepleiar


**Stillingar**
1


**Heiltid / Deltid**
Deltid


**Tilsetjingsform**
Vikariat


**Stillingsprosent**
75


**Webcruiter-ID**
5143601198


**Startdato**
17.08.2026


**Sluttdato**
31.12.2026


**Sosial Deling**
Del på X


Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post


Arbeidsoppgåver



- Arbeid i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg
- Ansvar for ivaretaking av kritisk sjuke pasientar og deira pårørande
- Tett tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper
- Mottak, observasjon og oppfølging av postoperative pasientar

Kvalifikasjonar



- Autorisasjon som sjukepleiar
- Videreutdanning i intensivsjukepleie er ein fordel

Personlege eigenskapar



- Du er fagleg engasjert og ønsker å utvikle deg
- Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Du er fleksible, løysnigsorientert og tek ansvar
- Du har pasienten i fokus og bidreg til god kvalitet i behandlingen

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.


Vi tilbyr



- Eit spennande og variert arbeid i eit høgt kompetent fagmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Tett tverfagleg samarbeid
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og støttende kollegaer
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


*Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.*
Adresse: Volda Hospital, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Norge


**Opne vegbeskriving (i ny fane)**
Kontaktinformasjon


**Melkorka Vidisdottir**
Seksjonsleiar


E-post: Melkorka.Vidisdottir@helse-mr.no


Om arbeidsgivaren


*Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.*
*Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå*
*Helse Møre og Romsdal*

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

24/07/2026

Sted

Volda, Norway

Utløpsdato

24/07/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Fjernarbeid

Hybrid

Arbeidssted

Volda, Møre og Romsdal

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

23/08/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

50

Publiserende selskap

Central Norway Regional Health Authority

Central Norway Regional Health Authority

Se selskapets profil

category

Administration

Sted

Volda, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.