DeepOcean

Kriminalteknikar

Administration

Ålesund, Norway

Publisert: 31/05/2026

Heltid

Utløper den 29/07/2026

Stillingsbeskrivelse

Møre og Romsdal Politidistrikt


Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund


Om jobben

Lagre favoritt

Stillingstittel

Kriminaltekniker

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Antall stillinger

1

Arbeidsspråk

Norsk


Søk senest fredag 12. juni


Om stillinga


Er du nysgjerrig, strukturert og tolmodig? Har du evna til å sjå detaljar og vere fokusert i ulike situasjonar? Kan du setje spor, eller fråvær av spor, i ein samanheng slik at det kan kaste lys over ein hendingsgang?


Vi håpar at du som les dette med engasjement og interesse vil søkje på fast stilling som kriminalteknikar i Møre og Romsdal politidistrikt, stadsplassert i Ålesund. Vi kan love ein givande, utfordrande og spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø.


Avsnitt for kriminalteknisk etterforsking er plassert ved felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking. Avsnittet har ni medarbeidarar på fire lokasjonar i politidistriktet. Vi har brei fagleg bakgrunn og mykje erfaring frå ulike sakstypar. Avsnittet dekkjer 24/7- beredskap med reserveteneste og du må kunne bidra inn i ei slik teneste. I tillegg må du rekne med å bidra i sokkelgruppa til politidistriktet. Du vil få opplæring og kurs som sørgjer for fagleg kompetanse.


Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar


Vi ser etter ein motivert person som er interessert i å bidra i teknisk etterforsking i distriktet. Vi stiller høge krav til fagleg interesse, motivasjon og arbeidsmoral.


Vidare søkjer vi etter deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet.


Arbeidsoppgåver

gjennomføre kriminaltekniske undersøkingar av åstadar

gjennomføre innleiande laboratorieundersøkingar og vurdere vidare sakkunnige undersøkingar

samle og tolke resultata frå eigne og eksterne sakkunnige undersøkingar, og saman med etterforskingsmiljøa setje desse i samanheng

sporsikring og dokumentasjon ved sakkunnige undersøkingar, eksempelvis likundersøkingar og ved ID-saker

delta i reservetjeneste for kriminalteknisk beredskap

kunne hjelpe ved hendingar på kontinentalsokkelen (sokkelgruppa)

kan påleggast andre arbeidsoppgåver


Kvalifikasjonar


**Dette må du ha for å vere kvalifisert:**
bestått politi(høg)skulen

vidareutdanning i kriminalteknikk 1a

god skriftleg og munnleg framstillingsevne

plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf.politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.


Det er også ønskjeleg med


vidareutdanning i kriminalteknikk 1b og 1c

fleire vidareutdanningar og kurs innan kriminalteknikk

erfaring frå etterforsking og då særleg som kriminalteknikar

anna relevant utdanning eller erfaring


Personlege eigenskapar

interesse og motivasjon for fagfeltet

gode samarbeidsevner

strukturert og nøyaktig

høg arbeidskapasitet og fleksibilitet knytt til oppdrag

evne til å prioritere og er løysingsorientert


Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

ein utfordrande og spennande arbeidsplass i politiet

fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, med tilsetting avhengig av

kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter

politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000

politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000

politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000

for særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering og stillingskode bli vurdert:

politiførstebetjent - stillingskode 0285 - brutto årslønn på kr. 660 000 - 710 000

politioverbetjent - stillingskode 0287 - brutto årslønn på kr. 700 000 til kr. 780 000

godtgjersle etter gjeldande ATB belastande unntak på kr. 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste

medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.

fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida

Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste


Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet


Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.


Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.


Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.


**Video:** https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB\_Wc

Slik søkjer du


Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.


Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktperson for stillingen


Kurt Kim Stige


Avsnittsleder


+4741551658


kurt.stige@politiet.no


Om bedriften


Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.


Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.


Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.


Sektor


Offentlig


Nettsted


https://www.politiet.no/


Annonsedata


Stillingsnummer


74ebecb4-8a80-46e8-a2ab-893a08545438


Sist endret


29. mai 2026


Hentet fra


jobbnorge


Referanse


10298030

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

31/05/2026

Sted

Ålesund, Norway

Utløpsdato

29/07/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

6005 Ålesund

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

30/06/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

26

Publiserende selskap

category

Administration

Sted

Ålesund, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.