Stillingsbeskrivelse
## **Om stillinga**
Ålesund kulturskole (v/Jugendteateret) har ledig vikariat i 70 % stilling som teaterlærar ved Jugendteateret. Stillinga inneber undervisning og teaterfagleg arbeid med barn og unge. Teaterlæraren vil vere del av eit fagmiljø med ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning og førestillingar innanfor gjeldande rammer for kulturskulen.
## **Nøkkelinformasjon**
Søknadsfrist:
29.05.2026
Arbeidsgivar:
Kommunalområde Samfunn
Stad:
ÅLESUND
Stillingstittel:
Kulturskolelærar - Teater (vikariat 70 % stilling)
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Vikar
Stillingsprosent:
70
Webcruiter-ID:
5125429336
Startdato:
01.08.2026
Sluttdato:
31.07.2027
## **Arbeidsoppgåver**
- Undervisning i teater/drama for barn og unge
- Leie og følgje opp teatergrupper på ulike nivå
- Planlegge og gjennomføre førestillingar og visningar
- Aktivt delta i møteverksemd og pålagde arrangement
- Delar av undervisninga kan vere desentralisert andre stader i kommunen (den tilsette må ha førarkort klasse B)
## **Kvalifikasjonar**
- Minimum 3 års høgare utdanning (frå høgskule eller universitet) innan teater, drama eller scenekunst. Teaterfagleg kompetanse innan skodespel og/eller regi.
- Tilstrekkeleg Pedagogisk kompetanse (PPU eller tilsvarande)
- Erfaring med undervisning og arbeid med barn og unge
- Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
Det er krav om politiattest, jf. OPL § 17-11
## **Personlege eigenskapar**
- Gode pedagogiske evner og trygg i arbeid med barn og unge
- Gode samarbeidsevner mot kollegaer, føresette og administrasjon
- Strukturert, påliteleg og sjølvstendig
- Fleksibel og løysingsorientert
- Engasjert og tydeleg formidlar
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
- Oppslutning om kommunen sine verdiar, open - engasjert - modig, er viktig for oss.
## **Vi tilbyr**
- Ei meiningsfull undervisningsstilling i eit kreativt fagmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver innan teater og scenekunst
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Undervisningsstillinger i kulturskolen er plassert i kap. 4 B i HTA etter kompetanse og ansiennitet
## **Adresse:** **Larsgårdsvegen 6, 6009 ÅLESUND, Norge**
**Opne vegbeskriving** **(i ny fane)**
## **Kontaktinformasjon**
**Miguel Angel Camacho Campins**
Konstituert virksomhetsleder
## **Om arbeidsgivaren**
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.