Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.
Seljord fysio- og ergoterapi avdeling
Seljord kommune har to kommunefysioterapeutar og ein ergoterapeut. I tillegg har vi turnus-fysioterapeut, alle i 100% stilling.
Fysio- og ergoterapi avdelinga er lokalisert på Helsesenteret, i same bygg som helsestasjon, legekontor, jordmor og legevakt. I tillegg ligg psykisk helse og rus under avdelinga vår, men dei held til i eit anna bygg. Vi har felles lunsj, og vi samarbeider tett og likeverdig.
Om stillinga
Frå 01.04.26 til og med 21.02.27 er det ledig eit vikariat som kommune-ergoterapeut i ein 100% stilling, ved Seljord Helsesenter.
Ergoterapeuten arbeider med brukarar i alle aldersgrupper, og tett saman med fysioterapeutane på avdelinga og andre faggrupper i kommunen. Vi tilbyr ein spennande og utfordrande jobb i ei teneste prega av stor aktivitet, utvikling, godt humør og god takhøgde.
**Arbeidsoppgåver:**
- Kartlegging, funksjonstrening og tilrettelegging i ADL (både i heimen og på institusjon)
- Legge til rette for at brukarar opplev meistring, aktivitet og deltaking
- Hjelpemiddelformidling og bustadtilpassing
- Rettleiing av andre faggrupper, pårørande og brukarar
- Tverrfagleg samarbeid og møter
- Deltaking i kommunens kvardagsrehabiliteringsteam
- Drift av kommunens frisklivssentral saman med fysioterapeutane
**Kvalifikasjonar:**
- Helsefagleg bakgrunn, fortrinnsvis utdanna ergoterapeut
- Førarkort klasse B
- Det er ynskjeleg med erfaring frå kommunal helseteneste og hjelpemiddelformidling
**Personlege eigenskapar:**
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Gode språk og datakunnskapar
- Stor arbeidskapasitet
- Innovativ og nytenkande
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Løn etter Hovudtariffavtala
- Pensjon via KLP/SPK
- IA-bedrift
- Robust fagmiljø og godt arbeidsmiljø
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med fagleiar på fysio- og ergoterapi avdelinga: Ragnhild Skrede ragnhild.skrede@seljord.kommune.no eller fagansvarleg for Helseavdelinga og for tiden konstituera einingsleiar Kine Jordbakke kine.jordbakke@seljord.kommune.no
Vi oppmodar spesielt søkarar som er i undertal i kjøn, kultur, religion om å søke.
Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.
Søk her via elektronisk søknadsskjema
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Frist 25.01.26
Sist oppdatert 29. desember 2025
## **For meir informasjon om stillinga:**
Fagleiar på fysio- og ergoterapi avdelinga: Ragnhild Skrede ragnhild.skrede@seljord.kommune.no
Fagansvarleg for Helseavdelinga og for tiden konstituera einingsleiar Kine Jordbakke kine.jordbakke@seljord.kommune.no
Søk her
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.