Stillingsbeskrivelse
(i ny fane)
## **Om stillinga**
I Røn naturbarnehage har vi fleire ledige stillingar frå og med barnehageåret 2026-2027.
Vestre Slidre kommune er ei attraktiv kommune å bu i, og vi gledar oss over høge barnetal - difor er det behov for fleire kollegaer. Barnehagen er organisert i tre avdelingar, og godkjent for 60 plassar. Vi har ein naturbarnehageprofil, så vi er svært mykje ute og har flotte uteområder vi kan boltre oss på. Vi har ei erfaren og kompetent personalgruppe som gjennom god omsorg og tett foreldresamarbeid har som mål å gje kvart enkelt barn ein god dag – kvar dag!
**Frå og med 01. august 2026 lyser vi ut etter:**
- Barnehagelærarar, inntil 260% vikariat
- Fagarbeidarar 100% fast stilling frå 01.01.2027
- Ekstra ressurs som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar, 160 % engasjement
- Tilkallingsvikarar
Vi oppmodar deg med kompetanse som barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar til å søke. Vi oppmodar og deg som er under utdanning innan oppvekst, og/ eller har relevant kompetanse og praksis i faget, til å sende oss ein søknad. Det kan og bli ledige stillingar ved eventuelle permisjonar og/ eller interne endringar i personalet.
Ynskjer du jobb i barnehagen? Vil du vera med på laget og vidareutvikle vår barnehage?
Vi ser fram til å sjå deg på søkarlista, du som synes dette ser spanande ut!
**NB! Hugs å skrive i søknaden din kva stilling du søker på.**
## **Nøkkelinformasjon**
Søknadsfrist:
15.03.2026
Arbeidsgivar:
Vestre Slidre kommune
Stad:
Røn
Stillingstittel:
Ledige stillingar i Røn naturbarnehage frå og med barnehageåret 2026-2027
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
5083990443
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
## **Arbeidsoppgåver**
- Dagleg omsorg for det enkelte barn og barnegruppa.
- Bidra til at barnehagen er ein trygg og god oppvekstarena.
- Bidra til utvikling av det psykososiale miljøet, samt lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
- Medansvar for at den pedagogiske verksemda blir drive i samsvar med overordna mål, lover og retningslinjer for barnehageverksemda.
- Bidra til godt foreldre- og personalsamarbeid.
- Medverke i alt samarbeid på den enkelte avdeling, men også på tvers av avdelingar.
- Bidra til eit godt psykososialt arbeidsmiljø.
- Medansvar i forhold til rettleiing.
## **Kvalifikasjonar**
**Barnehagelærarstillingar, kompetansekrav:**
- Bachelor barnehagelærar.
- Anna relevant utdanning kan bli vurdert.
**Fagarbeidarstillingar, kompetansekrav:**
- Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget.
- Ufaglærte med erfaring kan også bli vurdert.
## **Personlege eigenskapar**
**Alle**
- Er ein fleksibel, proaktiv og fagleg engasjert vaksen.
- Er genuint oppteken av barns beste, med fokus på tryggheit, omsorg og relasjonsskaping.
- Er påliteleg, positiv og har gode samarbeidsevner- og vilje.
- Har evne til refleksjon over – og utvikling av - eigen praksis, i lag med resten av fagmiljøet.
- Er kreativ og engasjert og har evne til å begeistre.
- Er glad i å væra i aktivitet og bidra til å bruke det pedagogiske uterommet.
- Beherskar god kommunikasjon, munnleg og skriftleg. Krav til norskkunnskapar minimum A1 og gjerne B1.
- Må beherske PC som verktøy.
- Politiattest må bli levert før oppstart.
## **Vi tilbyr**
- Ein allsidig og spanande jobb!
- Dyktige kollegaer med høg fagleg og relasjonell kompetanse.
- Veiledning for 1. og 2. års nyutdanna barnehagelærar, av kompetente veiledarar.
- Fortrinnsrett på barnehageplass for eigne barn.
- Fri i jul og påske jf. vedtektene ( avspasering).
- Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
## **Adresse:** **Furukollen 1, 2960 Røn, Norge**
**Opne vegbeskriving** **(i ny fane)**
## **Kontaktinformasjon**
**Grethe Våtsveen**
Styrar
Telefon: 971 23 190
E-post: Grethe.Vatsveen@vestre-slidre.kommune.no
## **Om arbeidsgivaren**
**Andre opplysningar**
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
**Vestre Slidre kommune** er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no