(i ny fane)
Om stillinga
**Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet.**
Augepoliklinikken i Ålesund har ledig 100 % fast stilling for lege i spesialisering innan augesjukdomar. Tilsetjing frå snarast, eller etter nærare avtale.
Ved intern omrokering kan andre stillingar bli ledige.
Vil du bli med på laget og skape gode helsetenester for pasientane våre, i eit spennande og engasjert fagmiljø?
Send oss ein søknad, vi vil veldig gjerne høyre frå deg!
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
**31.12.2025**
Arbeidsgivar:
**Helse Møre og Romsdal HF**
Stillingstittel:
**Lege i spesialisering augesjukdommar**
Stillingar:
**1**
Heiltid / Deltid:
**Heiltid**
Tilsetjingsform:
**Fast**
Stillingsprosent:
**100**
Webcruiter-ID:
**5052371370**
Startdato:
**05.01.2026**
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk arbeid
- Dagkirurgi
- Delta i vaktordninga i seksjonen
- Dei fleste pasientar kan behandlast poliklinisk på dagtid, men avdelinga disponerer ei seng i kirurgisk sengepost
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnustjeneste etter gammal ordning
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert og engasjert
- Bidra til et godt arbeidsmiljø
Personlige egenskaper vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Vi har sterk forkus på supervisjon og veiledning av LIS.
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
*Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.* ***Les meir her!***
Adresse:
Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
**(i ny fane)**
Kontaktinformasjon
**Renate Susann Waage Fylling**
Seksjonsleiar
E-post:
renate.susann.w.fylling@helse-mr.no
Om arbeidsgivaren
*Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.*
*Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå* *Helse Møre og Romsdal*