DeepOcean

Miljørettleiar

Administration

Svortland, Norway

Publisert: 30/05/2026

Heltid

Utløper den 28/07/2026

Stillingsbeskrivelse

Svortland skule


Idrettsvegen 100, 5430 Bremnes


Om jobben

Lagre favoritt

Stillingstittel

Miljørettleiar

Type ansettelse

Fast, deltid 89%

Arbeidstid

Dagtid, ukedager

Antall stillinger

1

Vis flere detaljer


Søk senest onsdag 10. juni


Vil du vera med å styrke laget rundt elevane?


Svortland skule søkjer ein engasjert miljørettleiar til fast stilling i skule og SFO. Me ser etter deg som trivst i arbeid med barn og unge, som har lyst til å bidra til å utvikle eit trygt og inkluderande miljø og styrke det miljøretta arbeidet ved skulen med fagkompetanse.


Svortland skule er Bømlo sin største barneskule med 323 elevar og 54 tilsette. Skulen har elevar frå mange ulike land hvor ca. 30% av elevane har minoritetsspråkleg bakgrunn og me har innføringstilbod for nyankomne minoritetsspråklege elevar. Skulen ligg sentralt på Svortland, med gode nærområde for aktivitet og læring. Like ved finn du Svortlandsmarka, Sentralidrettsanlegget, barnehagar, ungdomsskule og vidaregåande skule.


Arbeidsoppgåver

Miljøretta arbeid for og med barn og unge med særskilde behov i skule og SFO.

Oppfølging av barn og samarbeid med andre instansar for å sikre eit heilskapleg tilbod.

Planlegge og gjennomføre varierte aktivitetar for elevar, både inne og ute.

Delta i rettleiing frå samarbeidande tenester.

Bidra til eit trygt, positivt og inkluderande miljø for alle elevane.


Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.


Kvalifikasjonar

Bachelorgrad som vernepleiar, barnehagelærar, barnevernspedagog, pedagogikk eller tilsvarande relevant utdanning på bachelornivå.

Ønskjeleg med relevant erfaring innan miljøarbeid.

Erfaring med åtferds- og samspelvanskar er ein fordel.

Personlege eigenskapar

Du er glad i barn og oppteken av å forstå åtferda deira.

Du er ein god relasjonsbyggjar og er trygg og forutsigbar når du blir utfordra.

Du er påliteleg og ansvarsfull.

Du er sjølvstendig, men samarbeidar òg godt med andre.

Du er fleksibel og løysningsorientert.

Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner i møte med elevar, føresette og kollegaer.


Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.


Vi tilbyr

Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar


Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk

Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.


Andre opplysingar


Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.


Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.


Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Kari Østensen, rektor ved Svortland skule.


Kontaktinformasjon

Kari Østensen, Rektor Svortland skule, 993 86 606


Arbeidsstad

Idrettsvegen 100

5430 Bremnes


**Nøkkelinformasjon:**
**Arbeidsgivar:** Bømlo kommune


**Referansenr.:** 5137908363

**Stillingsprosent:** 89%

Fast

**Søknadsfrist:** 10.06.2026


Kontaktperson for stillingen


Kari Østensen


Rektor Svortland skule


993 86 606


Om bedriften


Berekraftige Bømlo er vår visjon!

Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.


Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.


Pensjon

I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.


Forsikring

Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.


Sektor


Offentlig


Nettsted


http://www.bomlo.kommune.no/


Annonsedata


Stillingsnummer


6369e7bd-8a35-4dee-9319-b3c6a4a1de27


Sist endret


29. mai 2026


Hentet fra


talentech


Referanse


843a4533fe0f48219d4614e5db8a1cf7

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

30/05/2026

Sted

Svortland, Norway

Utløpsdato

28/07/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

5430 Bremnes

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

29/06/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

22

Publiserende selskap

category

Administration

Sted

Svortland, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.