Stillingsbeskrivelse
Voss herad
Ringheimsvegen 23, 5704 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Vaken nattevakt ved Lundhaugen Omsorgsbustad
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk senest mandag 9. februar
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.
**Om avdelinga:**
I Lundhaugen Osorgsbustad bur det 12 mennesker med nedsett funksjonsevne som har behov for tenester. Alle bur i eigne leiligheiter med tilgang til fellesareal. Eininga har ca. 24 årsverk. Me har fokus på å tilsetja god fagkompetanse.
**Me søkjer:**
50% fast stilling vaken nattevakt
**Arbeidsoppgåver:**
bistå bebuarane til legging og når dei har behov for hjelp på natta. Det kan vera stell og pleie, rettleiing og motiveringsarbeid.
skapa tryggleik og struktur på natt
medikamenthandtering
handtera alarmsystem og bistå bebuarane ved behov
dokumentera i fagprogrammet Aidn
**Kvalifikasjonar:**
vernepleiar eller anna relevant høgskule (helseutdanning)
fagarbeider med helsefagutdanning
du må kunne nytta dataverktøy
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltredning i stillinga
**Personlege eigenskapar som vert vektlagt:**
gode faglege kunnskaper og kjennskap til relevant lovverk
ansvarsbevisst og sjølvstendig
gode samarbeidsevne
gode kommunikasjonsevne
løysingsorientert og positiv, ha ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
**Me tilbyr:**
Rekrutteringstillegg på kr 16 000 for nytilsett vernepleiar i turnus
gode vilkår for fagleg utvikling
eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
yrkesskade- og gruppelivsforsikring
gode pensjonsordningar
løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
**Link til søknadsskjema:** Søk her
Kontaktperson for stillingen
Hanne Tombre
97997165
hanne.tombre@voss.herad.no
Om bedriften
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
b0f2f716-62eb-42df-971b-f37b9a49b3dd
Sist endret
23. januar 2026
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3578063\_213073\_nn
Lignende annonser
Helsefagarbeidar i turnus
80-100% fast stilling
Arbeidsgiver
Voss herad
Sted
Voss
100 % fast stilling Udlabu
100 % fast stilling som vernepleiar og/eller sjukepleiar
Arbeidsgiver
Voss herad Udlabu
Sted
Voss
Fagrådgjevar
Arbeidsgiver
Voss herad Udlabu
Sted
Voss