Fageining for idrett og friluftsliv er ein del av seksjon fysisk aktivitet og folkehelse. Seksjonen jobbar for å gjere det lett for alle i fylket å vere fysisk aktive kvar dag.
Fylkeskommunen har ei rådgjevande rolle ovanfor både kommunar og lag og organisasjonar. Eit godt kunnskapsgrunnlag, god planforankring, samhandling mellom offentleg, frivillig og privat sektor på ulike nivå kombinert med ei brei medverknad frå innbyggarar er avgjerande for å kunne møte framtidas behov.
Vi er ei IA-verksemd, som betyr at både arbeidsgjevar og dei tilsette pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå eit meir inkluderande arbeidsmiljø. Vestland fylkeskommune er sertifisert innan likestilt arbeidsliv.
Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut?
Som tilsett hjå oss vil du få mange spanande oppgåver, mellom anna innan utarbeiding av kart til bruk på nettsider og i fysiske og digitale produksjonar. Du vil bidra med kartteknisk kompetanse i ulike fylkeskommunale prosjekt t.d. kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde, ro- og padleruter Vestland og friluftslivets ferdselsårer. Du vil også vere med å revidere og utvikle fylkeskommunen sine temalag om friluftsliv i Fylkesatlas.
Du vil få ansvar for å produsere kart og framstillingar av kartinformasjon, og syte for at dette vert gjort på ein visuelt god måte. Det kan både dreie seg om enkle kartframstillingar til bruk i presentasjonar og på nettsider og større karttekniske oppgåver der det vert stilt krav om kompetanse innan GIS-program som ArcGIS eller QGIS.
I seksjonen samarbeidar me mykje på tvers av faggrupper. I tillegg til idrett og friluftsliv har seksjonen ansvaret for mellom anna e-sport, gaming, folkehelse og integrering, og du vil få bidra med kompetansen din inn i desse fagområda.
Fylkeskommunen er godt i gang med arbeidet med å kartlegge regionale friluftslivsområder og turruter. Dette inneber å avgrense og skildre store områder og turruter. Vi skal identifisere desse med utgangspunkt i kvar brukarane kjem frå, opplevingskvalitetar og korleis tilkomst og tilrettelegging er.
Når kartlegginga er sluttført skal den nyttast som kunnskapsgrunnlag i planarbeid og forvaltning. Ein viktig del av kartlegginga er å få fram korleis områder heng saman på tvers av kommunale grenser. Til dømes vil endring i ein del av eit område eller ei turrute kunne ha innverknad på heile området eller turruta sin verdi og kvalitetar.
Forventninga til fylkeskommunen frå Miljødirektoratet er at vi skal gjennomføre kartlegginga og sikre innspel til aktuelle områder, turruter, og korleis vi kan avgrense desse. Det er eit nasjonalt mål at alle fylkeskommunar skal gjennomføre kartlegginga innan 2028.
Kven ser me etter?
Verdiane i Vestland fylkeskommune handlar om at vi er opne, modige og kompetente i arbeidet vårt - og her passar du godt inn.
Du er også systematisk, tek initiativ og fullfører det du byrjar på. Ettersom me verdset samarbeid er du er ein lagspelar og fungerer godt i teamarbeid. Du har stor
arbeidskapasitet, evner å inspirere og representerer fagområdet godt i ulike samanhengar.
I tillegg har du
- høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå
- Kunnskap om og erfaring med bruk av GIS-verktøy (QGIS/ Arc GIS Pro)
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God forståing av digitale verktøy og generelt god IKT-kunnskap
- Det er også ein fordel om du har erfaring med grafiske programverktøy, som til dømes Indesign og/eller Illustrator.
Verdiane i Vestland fylkeskommune handlar om at vi er opne, modige og kompetente i arbeidet vårt - og her passar du godt inn.
- Du er også systematisk, tek initiativ og fullfører det du byrjar på.
- Ettersom me verdset samarbeid er du er ein lagspelar og fungerer godt i teamarbeid.
- Du har stor arbeidskapasitet, evner å inspirere og representerer fagområdet godt i ulike samanhengar.
Vi tilbyr
Som prosjektmedarbeidar står du på lik linje med ordinære tilsette. Du vil bli ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass med eit breitt mangfald blant kollegaene. Vi trivast godt i lag og har det kjekt på jobb!
Vi har fleksitidsordning og nye moderne lokale i Bergen sentrum, med mellom anna innandørs sykkelparkering, treningslokale og kantine.
**Hos Oss Får Du**
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar