Psykolog/ psykologspesialist Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Søk på stillinga (i ny fane)
Om stillinga
Vi søkjer no etter ein engasjert og fagleg sterk psykolog, som ønskjer å vere ein pådrivar i behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding.
Den nyoppretta sengeposten vår tilbyr spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling. Som psykolog vil du vere sentral i utforming av behandlingstilbodet og vere ein pådrivar for utvikling av rutinar, faglege tilnærmingar og eit godt arbeidsmiljø.
Seksjonen Psykosebehandling SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei breidt samansatt personalgruppe, som driv både med utgreiing og ulik behandling (medikamenter, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming).
I det nye psykiatribygget er det eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø med fleire psykologar, psykiaterar, legar i spesialisering og andre behandlarar.
Nøkkelinformasjon
**Søknadsfrist**
31.03.2026
**Arbeidsgivar**
Helse Møre og Romsdal HF
**Stad**
Hjelset
**Stillingstittel**
Psykolog/ psykologspesialist
**Stillingar**
1
**Tilsetjingsform**
Fast
**Stillingsprosent**
100
**Webcruiter-ID**
5085608329
**Sosial Deling**
Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
- Delta i behandlingsteam med psykiater, lege i spesialisering, fysioterapeut og miljøpersonale
- Diagnostisk vurdering og utgreiing inkludert kognitiv utgreiing
- Journalføring
- Samtaleterapi
- Leie behandlingsgrupper med ulikt innhald i sengeposten
- Internundervisning
- Rettleiing
- Pårørandesamtalar
- Psykoedukasjonsarbeid
- Utviklingsarbeid (prosedyrer, behandlingstilbod)
- Tverrfagleg samarbeid med kommunehelsetenesta og andre relevante instansar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog eller psykologspesialist
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du har stort fagleg engasjement
- Du er sjølvstendig, ansvarsfull og tek initiativ
- Du framstår trygg - både personleg og fagleg
- Du har evne til fleksibilitet, er strukturert og løysingsorientert
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Du har god skriftleg dokumentasjonsevne
- Du bidreg til å styrke eigen og andre si kompetanse
- Du er ein bidragsytar til å skape eit godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at vitnemål, attestar og tenestebevis vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
*Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.
**Les meir om Nordmøre og Romsdal her***
Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
**Opne vegbeskriving (i ny fane)**
Kontaktinformasjon
**Ingunn Romundstad Innerdal**
Konst. seksjonsleiar
E-post: ingunn.Romundstad.Innerdal@helse-mr.no
Om arbeidsgivaren
*Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.*
*Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå*
*Helse Møre og Romsdal*