Kinn Nav, Kinn kommune
Hans Blomgate 39, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2
Vis flere detaljer
Søk senest i morgen
Blir du motivert av å arbeide med menneske og ønskjer å bidra til at fleire får betre levekår og meistring i eige liv? Har du tru på at alle, uansett livssituasjon, har ressursar å byggje vidare på? Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du arbeider tett med brukarane og bidreg til heilskapleg oppfølging gjennom dei sosiale tenestene i Nav.
Nav Kinn er eit kontor med to lokasjonar - Florø og Måløy- og 34 tilsette som saman jobbar for å gi gode tenester til innbyggjarane i kommunen. No søkjer vi ein rådgjevar i 100 % fast stilling og vi har ledig vikariat til kontoret vårt i Florø, i avdeling brukarsenter.
Vi er ein lærande organisasjon som er opptatt av tverrfagleg samarbeid og heilskapleg oppfølging. Vi har ansvar for oppgåver innan arbeids- og velferdstenester. Som rådgjevar har ein ansvar for oppfølging, råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester. Vi skal bidra til å betre levekåra for vanskelegstilte, sosial og økonomisk tryggleik, herunder at den einskilde får høve til å leve og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Avklaring og kartlegging er sentrale arbeidsoppgåver, der ein har fokus på barneperspektivet, ungdomsgarantien og kvalifiseringsprogram.
Arbeidsoppgåver
Kartlegging, forvaltning og oppfølging av søknader om økonomisk sosialstønad.
Råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester.
Oppfølging av brukarar med frivillig eller tvungen forvaltning.
Oppfølging med fokus på barneperspektivet.
Oppfølging av ungdommer med fokus på overgang til arbeid.
Økonomisk rådgjeving.
Oppgåver i publikumsmottak.
Medverke i kommunen sitt bustadsosiale arbeid og sikre mellombels bustad ved behov.
Du kan få tildelt arbeidsoppgåver som koordinator i Individuell plan.
NAV Kinn har to lokasjonar. Du må difor rekne med noko reising mellom Florø og Måløy ved behov.
Kvalifikasjonar
Høgare relevant utdanning på bachelornivå som til dømes sosionom, samfunnsvitenskap og juss. Deler av utdanningskravet kan erstattast av lang og relevant erfaring.
Erfaring og trives med forvaltningsarbeid.
Ønskeleg med juridisk og økonomisk forståelse.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Gode IKT-ferdigheiter og evne til å setje deg raskt inn i nye system og digitale arbeidsverktøy.
Kjennskap til NAV sitt samfunnsoppdrag og lovverk.
Ønskeleg med erfaring frå tverrfagleg samarbeid med brukarar som har sammensatte utfordringar, samt heilskapleg sosialfagleg - og arbeidsretta oppfølging.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Personlege eigenskapar
Du er systematisk og strukturert, og arbeider sjølvstendig med eigne saker.
Du handterer ein variert og tidvis hektisk arbeidshverdag på ein trygg og stabil måte.
Er motivert for og trivast med arbeidsoppgåver med brukarkontakt via samtalar, digitale system og på telefon.
Tenkjar heilskapleg rundt brukars situasjon.
Ein relasjonsbyggar som likar å arbeide med mennesker og har evne til å skape gode relasjonar til brukarar og samarbeidspartar.
Møter brukarar med likeverd og respekt, samstundes sette grenser og avklare forventningar.
Du er nysgjerrig, endringsvillig og open for nye måtar å jobbe på i ein organisasjon i utvikling.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde.
Godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer.
Relevant opplæring og gode høve til utvikling.
Fleksitidsordning.
Tilsetting i Kinn kommune etter gjeldande tariffavtalar.
Gode pensjonsordningar gjennom KLP(2% pensjonstrekk).
Kontaktinformasjon
Ina Trengereid, Avdelingsleiar, 97524473, ina.trengereid@nav.no
Arbeidsstad
Hans Blomgate 39
6900 Florø
**Nøkkelinformasjon:**
**Arbeidsgivar:** Kinn kommune
**Referansenr.:** 5123722891
**Stillingsprosent:** 100%
Fast, Vikar
**Søknadsfrist:** 19.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Ina Trengereid
Avdelingsleiar
97524473
ina.trengereid@nav.no
Om bedriften
**Vår visjon:**
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
http://www.kinn.kommune.no/
Annonsedata
Stillingsnummer
4c1e6026-01e7-4619-9956-cec2f0b188f8
Sist endret
6. mai 2026
Hentet fra
talentech
Referanse
2d2c93885c464bd78c11799cb0faa45d