Radiologi Haugesund, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
## **Om jobben**
Lagre favoritt
Stillingstittel
Radiograf
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Søk senest søndag 29. november
Radiologisk avdeling i Haugesund søkjer etter 1 radiograf i 100% stilling, ett års vikariat- med tilsetjing snarast/etter avtale.
Stillingen er vikarstilling i tredelt-turnus.
I Haugesund har vi 13 laboratorier fordelt på generell røntgen, CT, MR, mammografi, nukleærmedisin, intervensjon og ultralyd.
Om by & land:
Haugesund er ikkje ein stor by, men senter i eit stort oppland (110.000 lokalt, 180.000 i Fonna-regionen). Vi har eit breitt tilbud innan kultur, idrett og friluftsliv!
God transportkommunikasjon til Stavanger, Bergen og Oslo.
#### **Arbeidsoppgåver:**
- Tredelt-turnus i årsplan.
- Rullering på dei fleste modaliteter på dagtid.
#### **Kvalifikasjonar:**
- Norsk autorisasjon som radiograf.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.
- Radiografer med fagleg interesse for mammografi og som ønskjer opplæring på mammografi kan bli vurdert.
- Radiografar med arbeidserfaring med CT blir føretrekt.
#### **Personlege eigenskapar:**
Vi ser etter deg som:
- har motivasjon og interesse for fagfeltet
- har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- er punktleg og påliteleg
- greier å få fram det beste i dine kollegaer
- har evne til å kunne prioritere, vere tydelig og ta avgjerdsler
- tilpassar deg endringar og held ro og oversikt når planane snur
- kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
#### **Vi tilbyr:**
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
#### **Kontaktinformasjon**
Elin Hetland, Funksjonsleiar, +47 52732273, elin.hetland@helse-fonna.no
#### **Arbeidsstad**
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
#### **Nøkkelinformasjon:**
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5204232701
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 29.11.2026
## **Kontaktperson for stillingen**
Elin Hetland
Funksjonsleiar
+47 52732273
elin.hetland@helse-fonna.no
## **Om bedriften**
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
## **Annonsedata**
Stillingsnummer
a4c8e6a9-2856-4015-a362-61f95b605bcf
Sist endret
12. november 2026
Hentet fra
talentech
Referanse
a27227d84f8f48f7ae9109e0dd88c404