DeepOcean

Rettleiar

Administration

Nordfjordeid, Norway

Publisert: 14/06/2026

Heltid

Utløper den 12/08/2026

Stillingsbeskrivelse

NAV Nordfjord, Stad kommune


Rådhusvegen 8, 6770 Nordfjordeid


Om jobben

Lagre favoritt

Stillingstittel

Rettleiar i NAV Nordfjord

Type ansettelse

Fast, deltid 50%

Arbeidstid

Dagtid

Antall stillinger

1

Vis flere detaljer


Søk senest søndag 28. juni


Vil du vere med og gjere ein forskjell?


Er du god til å sjå ressursane i folk og hjelpe dei vidare i livet? Då kan du vere den vi ser etter! NAV Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar i 50 % fast stilling til avdelinga arbeid og sosial.


Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter nye utfordringar med eit positivt og løysingsorientert team rundt deg. Du blir ein viktig del av eit fagmiljø som jobbar for å skape moglegheiter for menneske – kvar einaste dag.


Arbeidsoppgåver

Vere mottaksvert tre dagar i veka (to timar per dag) – du blir den første folk møter når dei kjem til NAV

Rettleie og motivere brukarar om arbeid

Kartlegge ressursar og moglegheiter hos brukar

Samarbeide tett med arbeidsgjevarar og andre for å finne gode løysingar

Saksbehandling etter Lov om sosiale tenester

Kvalifikasjonar

Utdanning på bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning.

Gode evner til å kommunisere både munnleg og skriftleg

Trygg på digitale verktøy og nysgjerrig på ny teknologi


**Det er ein fordel om du har:**
Erfaring med å rettleie menneske i krevjande livssituasjonar

Kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag

Kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen

Personlege eigenskapar

Du bryr deg om folk og vil hjelpe

Du har engasjement og evne til å motivere andre

Du trivst med å jobbe både sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

Ein meiningsfull jobb i eit godt og støttande arbeidsmiljø

Gode moglegheiter for fagleg utvikling

Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida

Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk etter ansiennitet. Lønnsspennet er per no kr. 545 400 - 639 900 i stilling med krav om 3-årig U/H utdanning.

God pensjonsordning gjennom KLP

Stad kommune har seks månader prøvetid

Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt


Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.


Kontaktinformasjon

Bodil Førde, Einingsleiar arbeid og velferd (NAV), 90 58 69 13, Bodil.Forde@nav.no


Arbeidsstad

Rådhusvegen 8

6770 Nordfjordeid


**Nøkkelinformasjon:**
**Arbeidsgivar:** Stad kommune


**Referansenr.:** 5145350392

**Stillingsprosent:** 50%

Fast

**Søknadsfrist:** 28.06.2026


Kontaktperson for stillingen


Bodil Førde


Einingsleiar arbeid og velferd (NAV)


90 58 69 13


Bodil.Forde@nav.no


Om bedriften


Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!


www.nordfjord.no/stad


www.hjartestad.no


Sektor


Offentlig


Nettsted


http://www.stad.kommune.no/


Annonsedata


Stillingsnummer


80a1e623-a4c5-419d-944a-af40315c029a


Sist endret


12. juni 2026


Hentet fra


talentech


Referanse


4a0438f3f8b743d0aa8cfefdc7cf4500

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

14/06/2026

Sted

Nordfjordeid, Norway

Utløpsdato

12/08/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

6770 Nordfjordeid

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

14/07/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

30

Publiserende selskap

category

Administration

Sted

Nordfjordeid, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.