Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Om stillinga
**Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.**
**Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye skipsførar og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap.**
**Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.**
**Fjord1 har ledige stillingar som skipsførar på ulike skiftordningar;**
- **5 skifts-ordning: vil gå heile døgnet - skiftordning 2 veker på og 3 veker fri. Her tilbyr Fjord1 hybelordning i skiftperiode.**
- **Dagskift: 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute alle dagar). Mannskap bur ombord i skiftperiode.**
**Du må skrive i søknaden kva skiftordning som er relevant for deg.**
**Oppstart: etter avtale.**
**Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.**
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
**06.04.2026**
Arbeidsgivar:
**Fjord1 AS**
Stad:
**Lavik**
Stillingstittel:
**Skipsførar Lavik-Oppedal**
Stillingar:
**1**
Heiltid / Deltid:
**Heiltid**
Tilsetjingsform:
**Fast**
Stillingsprosent:
**100**
Webcruiter-ID:
**5078203711**
Sosial deling :
Arbeidsoppgåver
- Sikkerhetsstyring
- Energileiing
- Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
- Ansvarleg for personleg tryggleik
- Ansvarleg for miljømessig tryggleik
- Skipsførar er leiar ombord
- Andre oppgåver iht stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- D3 sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- ROC/GMDSS sertifikat
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein erfaren og ansvarsbevisst skipsførar med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter, treningsstøtte, behandlingsforsikring , digital helseveiledning og gode rabattordningar
Adresse:
Lavik, 6947 Lavik, Norge
Kontaktinformasjon
**Sigrunn Hellebust**
Rekrutteringsmedarbeider
Telefon:
+47 47330488
E-post:
sigrunn.hellebust@fjord1.no
Om arbeidsgivaren
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.