Fjord1

Skipsfører i sommerrute og ressursgruppe i 2:4-turnus!

Administration

Bergen, Norway

Publisert: 31/03/2026

Heltid

Utløper den 29/05/2026

Stillingsbeskrivelse

Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

**Vi søker no etter ein skipsførar som vil vere ein del av vår ressursgruppe, i ei fast 2:4 ordning!**

I denne stillinga vil du være fast omdisponert til sommarruta i sambandet Jondal – Tørvikbygd, p.t. MF Lifjord fra ca. mai til og med september. Utanfor sommarsesongen vil du inngå i ressursgruppa i Vestland, der du bidreg til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband, og reservefartøy som MF Lifjord, MF Solskjel og MF Sogn.

Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som skipsførar.

Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og fire veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 98-timars arbeidsavtale.

For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.

**Oppstart juni.**

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

**14.04.2026**

Arbeidsgivar:

**Fjord1 AS**

Stad:

**Bergen**

Stillingstittel:

**Skipsførar 2:4, ressurs og sommerrute**

Stillingar:

**1**

Heiltid / Deltid:

**Heiltid**

Tilsetjingsform:

**Fast**

Stillingsprosent:

**100**

Webcruiter-ID:

**5105860864**

Sosial deling :

Arbeidsoppgåver

Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter.

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.

Kvalifikasjonar

- D3-sertifikat.
- ROC/GMDSS-sertifikat.
- Sikkerheitskurs etter kvalifikasjonsføreskrifta.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseattest.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.

**Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.**

Personlege eigenskapar

Vi søker en ansvarsbevisst og løsningsorientert skipsfører med god dømmekraft. Du er en trygg leder, trives med samarbeid, og tar selvstendige beslutninger som sikrer både mannskap og passasjerer.

Vi tilbyr

- Lønn vert gitt etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
- Skiftordning: 2 veke på og 4 veker av.
- Ein bur om bord når ein er på vakt.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.



Adresse:

Bergen, 5009 Bergen, Norge

Kontaktinformasjon

**Benedicte Ellingsen**

Rekrutteringsmedarbeider

Telefon:

47887896

E-post:

benedicte.ellingsen@fjord1.no



Om arbeidsgivaren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

31/03/2026

Sted

Bergen, Norway

Utløpsdato

29/05/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

5009 Bergen

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

30/04/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

41

Publiserende selskap

category

Administration

Sted

Bergen, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.