DeepOcean

Vil du ha ei sentral fagrolle der kvalitet, struktur og fagleg utvikling står i fokus?

Administration

FØrde, Norway

Publisert: 25/12/2025

Heltid

Utløper den 22/02/2026

Stillingsbeskrivelse

ECIT Services AS


Langebruvegen 15, 6800 Førde


Om jobben


Stillingstittel

Fag- og kvalitetsansvarleg

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk eller engelsk

Antall stillinger

1


ECIT Services AS søkjer ein erfaren og engasjert fag- og kvalitetsansvarleg som ønskjer å ta ansvar for vidareutvikling av faglege rutinar og kvalitet i våre leveransar. Hos oss får du ei rolle med fagleg breidde og høve til å påverke korleis vi jobbar - både internt og i leveransane til kundane våre.


Vi har kontor i Førde og Florø, og er lokalt ein del av eit sterkt kompetansemiljø saman med søsterselskapet vårt Progresso AS. Til saman er vi om lag 26 medarbeidarar i regionen. Trivsel, samspel og fagleg kvalitet står sentralt hos oss, og vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der det er rom for både ansvar, utvikling og balanse i kvardagen.


Auka aktivitet og stadig meir komplekse leveransar gjer at vi no ønskjer å styrkje laget med ei dedikert rolle forfag og kvalitet . Vi ser etter deg som trivst i ei fagleg rolle med ansvar, og som ønskjer å vere ein støttespelar for kollegaer og kundar, samstundes som du bidreg til vidare utvikling av kvalitet ogbeste praksis i avdelinga.


**Kontorstad:** Førde eller Florø. Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver Som fag- og kvalitetsansvarleg vil du ha ansvar for å vidareutvikle og følgje opp kvalitetsstandardar og faglege rutinar i leveransane våre, og bidra til kontinuerleg forbetring. Du vil samarbeide tett med kollegaer på tvers av verksemda for å identifisere forbetringsområde og setje i verk tiltak som styrkjer kvalitet og effektivitet. Vidare vil du halde deg oppdatert på relevant regelverk innan rekneskap, skatt og avgift, og bidra til at leveransane våre er i tråd med gjeldande krav. Sentrale oppgåver:


Fagleg rettleiing og støtte til kollegaer og kundar


Ansvar for faglege rutinar og oppfølging av kvalitet i leveransane


Kvalitetssikring av løpande arbeid, rapportering og avsluttande oppgåver


Utarbeiding og kvalitetssikring av skattemelding og årsrekneskap, eventuelt konsernrekneskap


Bidra til vidareutvikling av leveransar, tenester og interne arbeidsprosessar


Deltaking i fag- og kvalitetsgruppe i selskapet, med moglegheit for involvering i utviklingsprosjekt, rutinar og kvalitetsarbeid på tvers av ECIT-konsernet


Handtering av meir komplekse kundecase og faglege problemstillingar


Dette kan vi tilby deg


I ECIT Services får du høve til å bruke den faglege kompetansen din i ei rolle med tydeleg ansvar og reell påverknad. Du vil arbeide tett på både kollegaer og kundar, og vere med på å utvikle kvalitet, rutinar og leveransar i eit kompetansemiljø som legg stor vekt på fagleg styrke og samarbeid.


Vi satsar på moderne , effektive og digitale løysingar, og ønskjer å liggje i forkant når det gjeld både fag og arbeidsprosessar. Hos oss får du konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar og eit arbeidsmiljø der trivsel, kultur og balanse mellom arbeid og fritid blir teke på alvor. Som medarbeidar i ECIT Services får du òg tilgang til ECIT Academy sitt kompetanseutviklingsprogram, der du kan delta på kurs, samlingar og faglege nettverk på tvers av avdelingar og fagområde.


Kven er du?


Som person er du trygg i faget, strukturert og engasjert. Du trivst med ansvar og likar å dele kunnskap, rettleie andre og bidra til høg kvalitet i arbeidet som blir levert. Du arbeider sjølvstendig, men set òg pris på samarbeid, og tek initiativ når du ser moglegheiter for forbetring eller vidare utvikling.


**Vi ser for oss at du har:**
Erfaring innan rekneskap, revisjon og/eller økonomisk rådgiving


Relevant høgare utdanning innan økonomi, rekneskap og/eller revisjon, til dømes siviløkonom, statsautorisert rekneskapsførar eller statsautorisert revisor. Relevant erfaringkan kompensere for formell utdanning.


God kjennskap til regelverk innan rekneskap, skatt og avgift


Evne til å formidle fag på ein tydeleg og forståeleg måte


God systemforståing og tryggleik i bruk av digitale løysingar


Trivsel med kundekontakt og ei rådgivande rolle


Ei delingsorientert haldning og ønskje om å bidra til eit sterkt fagmiljø


**Lyst til å ta ein prat om stillinga? Ta kontakt:**
Daniel Klakegg Dvergsdal - 904 79 470 / daniel@visere.no

Asbjørn Grini - 917 94 825 / asbjorn@visere.no


Alle søknadar vert behandla fortløpande.

Om bedriften


ECIT Services AS er ein del av ECIT-konsernet - eitt av Nordens største teknologi- og økonomihus. ECIT har over 2 600 medarbeidarar og ei årleg omsetning på fleire milliardar kroner. Konsernet leverer tenester innan rekneskap, løn, rådgiving, IT og forretningsløysingar, samla på éin stad for å gjere kvardagen enklare for kundane våre.


Lokalt i Florø og Førde er ECIT Services ein del av eit sterkt kompetansemiljø saman med søsterselskapet Progresso AS. Her finn du engasjerte fagpersonar som samarbeider tett, deler kunnskap og støttar kvarandre i kvardagen. Vi legg stor vekt på kvalitet, trivsel og balansen mellom arbeid og fritid.


ECIT vart etablert i 2013 og har hatt sterk vekst sidan oppstarten. I dag har konsernet verksemd i mellom anna Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island, Tyskland, Polen og Storbritannia. Trass i storleik og vekst er vi opptekne av lokalt nærvær, entreprenørskap og eigarskap. Kulturen vår er bygd på verdiane integritet, mot, open kommunikasjon og entreprenørskap. Desse verdiane pregar måten vi jobbar på - både internt og saman med kundane våre - og fungerer som ei rettesnor i kvardagen.


Sektor


Privat


Nettsted


https://www.ecit.com/no/foerde/


Annonsedata


Stillingsnummer


d080b2a9-5c6f-4348-8634-989c7236473c


Sist endret


23. desember 2025


Hentet fra


FINN


Referanse


442526923


Lignende annonser

Kontorleder Førde


Arbeidsgiver


Aider AS


Sted


Førde


Finn revisjonsdrømmen - Statsautorisert revisor med partnerambisjoner


Statsautorisert revisor


Arbeidsgiver


Revisorgruppen Fjordane As


Sted


Vestland


Superrask søknad

Vil du jobbe med teknologi og kvalitetssikring på pengespelfeltet?


Seniorrådgivar


Arbeidsgiver


Lotteri- og stiftelsestilsynet


Sted


Førde

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

25/12/2025

Sted

FØrde, Norway

Utløpsdato

22/02/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

6800 Førde

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

24/01/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

23

Publiserende selskap

category

Administration

Sted

FØrde, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.