## **Om stillinga**
**Er du helsesekretær og ser etter ein arbeidsplass med høgt fagleg nivå, godt arbeidsmiljø og varierte oppgåver? Då vil vi gjerne høyre frå deg!**
Øyeavdelinga vår er ein triveleg og engasjert gjeng beståande av 5 overlegar, 4 LIS-legar, 7 sjukepleiarar, ein optikar, ein ortoptist og 4 sekretærar.
Vi har eit tett og godt samarbeid med både førstelinjetenesta og private aktørar, og legg stor vekt på fagleg kvalitet og pasienttryggleik. Kvart år har vi rundt 13 000 polikliniske konsultasjonar og operasjonar – så her skjer det mykje og ingen dagar er heilt like.
## **Nøkkelinformasjon**
Søknadsfrist:
30.03.2026
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
Haugesund, HAUGESUND
Stillingstittel:
Helsesekretær
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
5096715252
Del på XDel på Facebook
## **Kva går jobben ut på?**
- Varierte arbeidsoppgåver med pasientkontakt og teneste i poliklinikk
- Du vil vera ein del av det tverrfaglige teamet og arbeidsfellesskap
- Utføre diverse undersøkelser på medisinsk tekniske apparater som: Fundusfoto, Flouresceinangiografi, OCT, Biometri, Synsfelt/perimetri
- Gjennomfører diabetesscreening og glaukomscreening hos pasienter med Diabetes/Glaukom
- Operasjonsbestilling og planlegging
- Varierte arbeidsoppgåver med pasientkontakt og tjeneste i poliklinikk
- Betjene ekspedisjon/telefon
- Arbeidsoppgåver knytt til kontroll av rapportar
- Andre førefallande sekretæroppgåver
## **Kva kompetanse er viktig i denne rolla?**
- Autorisasjon som helsesekretær
- Erfaring frå DIPS Arena, Elements, Orbit og Libra er ønskjeleg
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode allmenne datakunnskapar og god erfaring i bruk av IT-verktøy
## **Kva ser vi etter hos deg?**
Hos oss er det viktig at du:
- samarbeider godt i team og er opptatt av kunnskapsdeling
- kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er strukturert og har fagleg vurderingsevne
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- er pasient- og serviceorientert
- er nøyaktig, ansvarsbevisst og sjølvstendig
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga blir vektlagd
## **Kvifor skal du velje oss?**
- Dagstilling
- Fagleg utvikling står sentralt hos oss – vi investerer i kompetanse og held oss oppdatert på ny kunnskap
- Eit godt arbeidsmiljø og kjekke kollegaer
For å kunna vurdera førerett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
## **Adresse:** **Helse Fonna - Haugesund Sjukehus, Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Norge**
*Karmsundgata 120*
*5528 HAUGESUND*
*Norge*
## **Kontaktinformasjon**
**Elvisa Selimovic**
Funksjonsleiar
Telefon: 47710837
E-post: elvisa.selimovic@helse-fonna.no
## **Om arbeidsgivaren**
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.